mini|Treverk øydelagt av pålemakk. Pålemakk (også kalla pelemark og peleorm) er ei slekt av makkliknande muslingar, med sterkt forkrøpla skalPelemark, Gyldendals store konversasjonsleksikon, Gyldendal norske forlag, 1972.. Dei høyrer til i familien Teredinidae, som er utbreidde over store deler av verda. Det finst rundt 65 ulike typar slike muslingar, og av desse finst 4-5 i NoregOm pælemark og andre boredyr, Fartøyvernsentrenes fellesråd, desember 2011. Det er funne pålemakk rundt det meste av norskekysten.

Pålemakk kalklegg gangane sine. Dei er vanlige ned til eit djup på rundt 30 meter. Pålemakk er eigentlig muslingar med skal som er redusert til ei slags borekrone, som sit fremst på kroppen og har ein storleik på omlag 1 cm. Pålemakken er ellers naken og den langstrakte forma gjer at han minner meir om ein mark enn om ein musling.

Dei borar lange gangar i trevyrke og kan gjera stor skade ved at angripa skip og båtar av tre, trestolpar under kaier og bryggjer, osb. Pålemakk lever berre i sjøvatn, så ein kan unngå han ved å fortøya båtar litt oppe i ein elveosA. Melkild, I baut og lens på Lofoten og Finnmarka, Driva-trykk AS, 1984..

Som dei fleste marine muslingar lever pålemakk av partiklar dei filtrerer ut frå vatnet, og ikkje primært trevyrke. Dei tek til seg tre som eit ekstra næringsstoff ved hjelp av bakteriar i nokre av cellene deira. Dei treng likevel ikkje tre for å leva, og kan klara seg på overflata til strukturar av både tre og andre materiale.

Artar Teredo aegypos Moll, 1941 Teredo bartschi Clapp, 1923 Teredo bitubula Li, 1965 Teredo clappi Bartsch, 1923 Teredo fulleri Clapp, 1924 Teredo furcifera Martens in Semon, 1894 Teredo johnsoni Clapp, 1924 Teredo mindanensis Bartsch, 1923 Teredo navalis Linnaeus, 1758 Teredo poculifer Iredale, 1936 Teredo portoricensis Clapp, 1924 Teredo somersi Clapp, 1924 Teredo triangularis Edmondson, 1942

Galleri

Referansar

Kategori:Muslingar Kategori:Trebåtar