Irland debuterte i Eurovision Song Contest i 1965 og har delteke 54 gongar. Sidan debuten har Irland vore fråverande to gongar: i 1983 og 2002. Målt i tal sigrar er Irland det mest suksessrike landet i Eurovision Song Contest. Irland har vunne Eurovision Song Contest sju gongar; fire av dei kom i løpet av fem år. Etter 2000 har Irland gjort det langt svakare, og landet har komme sist i to finalar og to semifinalar: 2007, 2013, 2019 og 2021.

Historikk Det er den irske rikskringkastaren RTÉ som har rettane til å sende Eurovision Song Contest i Irland, og som vel det irske bidraget til tevlinga. Irland debuterte i Eurovision Song Contest i 1965 og starta med ein serie gode resultat. I 1967 fekk Irland ein andreplass, og den fyrste sigeren kom på sjette forsøk, då Dana vann i 1970 med «All Kinds of Everything».

Siger på siger I 1970-åra enda Irland stort sett midt på resultatlista, men i 1977 innleia landet ein femårsperiode med berre topp fem-plasseringar. Den andre sigeren til Irland kom i 1980 då Johnny Logan vann med «What’s Another Year?». Logan var tilbake som låtskrivar i 1984 og sikra Irland ein andreplass med «Terminal 3», og deretter ein ny siger som artist i 1987 med «Hold Me Now». Denne vinnarlåten vart kåra til den tredje beste Eurovision-låten gjennom tidene under jubileumsprogrammet Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest i 2005. I 1992 vann Logan sin tredje siger, denne gongen som låtskrivar for låten «Why Me?», framført av Linda Martin.

1990-åra vart det store tiåret for Irland. Landet starta med ein andreplass i 1990 og vann heile tre år på rad i 1992–1994. Den sjuande og førebels siste sigeren til Irland, kom med Eimear Quinn og «The Voice» i Oslo i 1996. Ein ny andreplass kom på heimebane i 1997.

Fallet etter 2000 Etter 2000 har Irland hatt ei liknande utvikling som nabolandet Storbritannia. Berre tre gongar har Irland hamna på topp ti: i 2000, 2006 og 2011. Til liks med Noreg var Irland heller ikkje kvalifisert i 2002, og berre fire av elleve gongar har Irland klart å kvalifisere seg til finalen. Den fyrste sisteplassen til Irland kom i 2007, og ein ny sisteplass kom i 2013. I åra 2014–2017 klarte ikkje Irland å kvalifisere seg til finalen, før Ryan O'Shaughnessy nådde ein 16.-plass med «Together» i 2018. Landet vart deretter slått ut i semifinalen igjen i 2019 og 2021, og begge gongane kom Irland heilt sist i sin semifinale.

«Heimlandet» til Eurovision

Med sine sju sigrar er Irland det landet som har vunne Eurovision Song Contest flest gongar. Rett bak kjem Sverige med seks sigrar. Takka vere sigrane har Irland arrangert Eurovision Song Contest sju ganger, berre Storbritannia har arrangert finalen fleire gongar med åtte. Tre år på rad, i 1993–1995, vart også tevlinga arrangert i Irland, noko som fekk 1995-programleiar Mary Kennedy til å uttale: «velkommen til det som nærmast har vorte den årlege Eurovision Song Contest frå Irland!». Finalen i 1993 vart arrangert i landsbyen Millstreet, som med sine 1500 innbyggjarar er den minste staden tevlinga er vorten arrangert. Den irske sigersrekkja vart broten av norske Secret Garden i 1995, men Irland vann nok ein gong da finalen gjekk av stabelen i Oslo året etter.

Johnny Logan er også den einaste som har vunne Eurovision Song Contest tre gongar: To gongar som artist i 1980 og 1987, og som låtskrivar i 1992. I tillegg fekk han også ein andreplass som låtskrivar i 1984.

Som eit fleirspråkleg land har Irland hatt fordelen av å synge på engelsk i Eurovision Song Contest sidan debuten i 1965. Berre éin gang har Irland sunge på nasjonalspråket irsk: i 1972 med «Ceol an Ghrá».

Bidraga År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass 1965 Butch Moore «Walking the Streets in the Rain» Engelsk 11 6 1966 Dickie Rock «Come Back to Stay» Engelsk 14 4 1967 Sean Dunphy «If I Could Choose» Engelsk 22 2 1968 Pat McGeegan «Chance of a Lifetime» Engelsk 18 4 1969 Muriel Day «The Wages of Love» Engelsk 10 7 1970 Dana «All Kinds of Everything» Engelsk 32 1 1971 Angela Farrell «One Day Love» Engelsk 79 11 1972 Sandie Jones «Ceol an Ghrá» Irsk 72 15 1973 Maxi «Do I Dream» Engelsk 80 10 1974 Tina Reynolds «Cross Your Heart» Engelsk 11 7 1975 The Swarbriggs «That's What Friends Are For» Engelsk 68 9 1976 Red Hurley «When» Engelsk 54 10 1977 The Swarbriggs Plus Two «It's Nice to Be in Love Again» Engelsk 119 3 1978 Colm C.T. Wilkinson «Born to Sing» Engelsk 86 5 1979 Cathal Dunne «Happy Man» Engelsk 80 5 1980 Johnny Logan «What’s Another Year?» Engelsk 143 1 1981 Sheeba «Horoscopes» Engelsk 105 5 1982 The Duskeys «Here Today Gone Tomorrow» Engelsk 49 11 colspan="5" 1984 Linda Martin «Terminal 3» Engelsk 137 2 1985 Maria Christian «Wait Until the Weekend Comes» Engelsk 91 6 1986 Luv Bug «You Can Count On Me» Engelsk 96 4 1987 Johnny Logan «Hold Me Now» Engelsk 172 1 1988 Jump the Gun «Take Him Home» Engelsk 79 8 1989 Kiev Connolly og The Missing Passengers «The Real Me» Engelsk 21 18 1990 Liam Reilly «Somewhere in Europe» Engelsk 132 2 1991 Kim Jackson «Could It Be That I'm In Love» Engelsk 47 10 1992 Linda Martin «Why Me?» Engelsk 155 1 1993 Niamh Kavanagh «In Your Eyes» Engelsk 187 1 1994 Paul Harrington og Charlie McGettigan «Rock ’n’ Roll Kids» Engelsk 226 1 1995 Eddie Friel «Dreamin» Engelsk 44 14 1996 Eimear Quinn «The Voice» Engelsk 162 1 198 2 1997 Marc Roberts «Mysterious Woman» Engelsk 157 2 1998 Dawn Martin «Is Always Over Now?» Engelsk 64 9 1999 The Mullans «When You Need Me» Engelsk 18 17 2000 Eamonn Toal «Millennium of Love» Engelsk 92 6 2001 Gary O'Shaughnessy «Without Your Love» Engelsk 6 21 colspan="5" 2003 Mickey Harte «We've Got the World» Engelsk 53 11 2004 Chris Doran «If My World Stopped Turning» Engelsk 7 22 colspan=2 2005 Donna og Joe «Love?» Engelsk colspan=2 53 14 2006 Brian Kennedy «Every Song Is a Cry for Love» Engelsk 93 10 79 9 2007 Dervish «They Can't Stop the Spring» Engelsk 5 24 colspan=2 2008 Dustin the Turkey «Irelande Douze Pointe» Engelsk colspan=2 rowspan=2 22 15 2009 Sinéad Mulvey og Black Daisy «Et Cetera» Engelsk 52 11 2010 Niamh Kavanagh «It's for You» Engelsk 25 23 67 9 2011 Jedward «Lipstick» Engelsk 119 8 68 8 2012 Jedward «Waterline» Engelsk 46 19 92 6 2013 Ryan Dolan «Only Love Survives» Engelsk 5 26 54 8 2014 Can-linn med Kasey Smith «Heartbeat» Engelsk colspan=2 rowspan=4 35 12 2015 Molly Sterling «Playing with Numbers» Engelsk 35 12 2016 Nicky Byrne «Sunlight» Engelsk 46 15 2017 Brendan Murray «Dying to Try» Engelsk 86 13 2018 Ryan O'Shaughnessy «Together» Engelsk 136 16 179 6 2019 Sarah McTernan «22» Engelsk colspan=2 16 18 Lesley Roy «Story of My Life» Engelsk colspan="4" 2021 Lesley Roy «Maps» Engelsk rowspan=3 colspan=2 20 16 2022 Brooke Scullion «That’s Rich» Engelsk 47 15 2023 Wild Youth «We Are One» Engelsk 10 12 2024 Bambie Thug «Doomsday Blue» Engelsk 6 278 124 3 2025 Emmy «Laika Party» Engelsk colspan=2 28 13

Røystehistorikk (1965-2021) Finalane

+ Irland har gjeve flest poeng til Nr. Land Poeng1 2522 1963 1744 1715 168

+ Irland har fått flest poeng frå Nr. Land Poeng1 2532 2273 1824 1725 170

Galleri

Eurovision Song Contest i Irland År Stad Arena Programleiarar 1971 Dublin Gaiety Theatre Bernadette Ní Ghallchóir 1981 Dublin RDS Simmonscourt Doireann Ní Bhriain 1988 Dublin RDS Simmonscourt Michelle Rocca og Pat Kenny 1993 Millstreet Green Glens Arena Fionnuala Sweeney 1994 Dublin Point Theatre Cynthia Ní Mhurchú og Gerry Ryan 1995 Dublin Point Theatre Mary Kennedy 1997 Dublin Point Theatre Carrie Crowley og Rowan Keating

Sjå òg Irland i Junior Eurovision Song Contest Kjelder

Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Irland i Eurovision Song Contest» frå , den 22. juli 2021.

Bakgrunnsstoff Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest Irland i Eurovision Song Contest

Kategori:Irland i Eurovision Song Contest Kategori:Land i Eurovision Song Contest