mini|«Turkey In Danger». Den russiske bjørnen, med tsarkrone, gjev ein kalkun som symboliserer Tyrkia ein bjørneklem. Teikning frå 1853 i samband med Krimkrigen. mini|Amerikansk politisk teikning frå 1904 Den russiske bjørnen () er eit utbreidd symbol for Russland, brukt i vitseteikningar, artiklar og dram frå så langt tilbake som 1500-talet.Christine Ammer, It's Raining Cats and Dogs and Other Beastly Expressions (BookBaby, 2012) Ved ulike høve kan han stå for Det russiske imperiet, Sovjetunion og dagens Russland.
Bjørnar i Russland Russland har den største brunbjørnbestanden av noko land i verda, med truleg over 100 000 individ. Rundt 36 000 av dei finst i Europeisk Russland. I resten av Europa bur det rundt 17 000 brunbjørnar. Av dei mange bjørnane som held til i Sibir finst det grupper av dyr som blir svært store, som kamtsjatkabjørn og ussurijbjørn. Det finst også andre bjørneartar i Russland, isbjørn i Sakha, Krasnojarsk, Vest-Sibir og nordeuropeisk Russland,Wiig, Ø., Amstrup, S., Atwood, T., Laidre, K., Lunn, N., Obbard, M., Regehr, E. & Thiemann, G. 2015. Ursus maritimus. The IUCN Red List of Threatened Species 2015: e.T22823A14871490. https://dx.doi.org/10.2305/IUCN.UK.2015-4.RLTS.T22823A14871490.en. Downloaded on 20 July 2021. og kragebjørn.Garshelis, D. & Steinmetz, R. 2020. Ursus thibetanus (amended version of 2016 assessment). The IUCN Red List of Threatened Species 2020: e.T22824A166528664. https://dx.doi.org/10.2305/IUCN.UK.2020-3.RLTS.T22824A166528664.en. Downloaded on 20 July 2021
Bjørnar opptrer i russisk folklore og biletkunst. Ein har også fått verkelege bjørnar til å opptre på ulike vis gjennom fleire hundreår. Bjørnar blei trente i å utføra ulike rørsler, gjerne slike som etterlikna folk. Ein kunne også bruka dei til rituale som skulle driva ut vonde ånder. Bruk av bjørnar til å opptre blei forboden i 1867, men bjørnar som underhaldning blei gjenoppliva med bjørnesirkus, der bjørnar mellom anna kjørte motorsyklar, på 1940-talet.https://www.rbth.com/history/328668-how-bears-really-walked-streets-russia Ein har halde fram med å bruka levande bjørnar som skodespelarar og maskotar. Det er også blitt laga ei rekkje oppdikta bjørnar, som Vinni Pukh, inspirert av Ole Brumm (Winne the Pooh) og OL-maskoten Misja.
Historie Bjørnen har ofte blitt brukt som symbol i Vesten. Bjørnar var lenge knytte til Russland gjennom reiseskildringar, og bjørnen som symbol på Russland oppstod blant britiske karikaturteiknarar og blei seinare utbreidd i USA. Bildet var ikkje alltid smigrande – det kunne visa Russland som «stort, brutalt og klønete».
Bjørnebiletet har likevel også blitt brukt som eit positivt symbol på landet av russarar, særleg på 1900-talet. Bjørnungen Misja som maskot for Sommar-OL 1980 i Moskva brukte til dømes bjørnen som eit søtt og vennleg symbol.
Då Ronald Reagan kjempa for å bli gjenvald som amerikansk president i 1984, brukte han bjørn som motiv i ein kjend reklamefilm kjend som «Bear in the woods».
Etter oppløysinga av Sovjetunionen var det ein del støtte i det russiske parlamentet for å ha ein bjørn på det nye russiske riksvåpenet, men etterkvart gjekk ein tilbake til doubbeltørna frå Tsar-Russland i staden.
Seinare har bjørnen blitt symbol for det politiske partiet Sameint Russland, som har dominert politikken i Russland sidan tidleg i 2000-åra.
Galleri
Bilde frå Russland
Bilde frå land utanfor Russland
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Russian Bear» frå , den 19. juli 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Russisk kultur Kategori:Bjørnar i kulturen