«Light of Love» er ein song frå 1974 av den britiske glamrock-gruppa T. Rex. Songen kom ut på albumet Bolan's Zip Gun og på ein eigen singel. B-sida til singelen var «Explosive Mouth», frå albumet Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow frå 1974. I USA kom begge songane ut på det amerikanske albumet Light of Love. Rolling Stone-skribenten Ken Barnes likte den «livlege og økonomiske» stilen på songen i ei melding frå 1974 og hevda at songen var «frisk og attraktiv».

«Light of Love» vart produsert av Marc Bolan og var den første T. Rex-singelen som ikkje var produsert av Tony Visconti.

Singelen låg på den britiske singellista i alt fem veker og nådde 22. plassen,Official UK Charts Company. http://www.officialcharts.com/artist/_/t.%20rex/ Henta 1. januar 2014 og er kjend som den første T. Rex-singelen som ikkje nådde topp 20. Songen vart nytta under rulleteksten til Vince Vaughn-filmen Delivery Man (2013).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Light of Love (T. Rex song)» frå , den 16. juli 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:T. Rex-songar Kategori:Songar skrivne av Marc Bolan Kategori:Songar produserte av Marc Bolan Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Songar frå 1974