Rooibos er ein plante i erteblomefamilien som veks i Sør-Afrika. Namnet er afrikaans for 'raudbusk' og siktar til fargen når ein tørkar han og trekk han ut i varmt vatn. Uttrekket er blitt brukt som teerstattting i lange tider, og teen har etterkvart oppnådd utbreiing i fleire land, inklusive Sør-Amerika, der han mellom anna blir behandla tilsvarande espressokaffi og seld som «raud espresso». I Noreg får ein han som posete, og i boks/pakke.
Rooibos kan leverast i ein grøn eller fermentert variant. Begge variantar inneheld antioksidantar, men studiar indikerer at grøn rooibos er rikare på antioksidantar ettersom antioksidantane blir oksiderte under fermenteringsprosessen.
Namnet rooibos kan bli beskytta tilsvarande varemerke som cognac, champagne m.fl. og ikkje kunne brukast av produsentar utanfor det opphavlege distriktet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rooibos» frå , den 15. juli 2021.
Kategori:Sørafrikansk kultur Kategori:Te Kategori:Plantar i Sør-Afrika Kategori:Erteblomfamilien