Guido Kratschmer () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar og bonde frå Großheubach som representerte Vest-Tyskland og tevla i tikamp og nasjonalt hekkeløp. Han vann sølvmedaljen i tikampen ved Sommar-OL 1976 og forbetra verdsrekorden i tikamp i 1980.
Aktiv Kratschmer meisterskapsdebuterte internasjonalt under EM 1974 i Roma, der han vann bronsemedaljen med 8 132 poeng. Midt i mai 1976 sette han ny vesttysk tikamprekord med 8 381 poeng då han vann Götzis-stemnet. Under dei olympiske sommarleikane i Montreal i juli forbetra han rekorden til 8 411 poeng og kneip sølvmedaljen, overgått med vel 200 poeng av Bruce Jenner frå USA som sette verdsrekord.
I juli 1978 flytta Kratschmer europarekorden til 8 498 poeng ved eit stemne i Bernhausen. Ved EM Praha to månader seinare skadde han seg på 100-meteren. 14.-15. juni 1980 var Kratschmer tilbake i Bernhausen der han sanka 8 649 poeng, ny verdsrekord etter å ha prestert 10,58 sekund på 100 m - 7,80 m i lengdehopp - 15,47 m i kulestøyt - 2,00 m i høgdehopp - 48,04 sekund på 400 m - 13,92 sekund i hekkeløpet - 45,52 m i diskoskasting- 4,60 m i stavhopp - 66,50 m i spjutkast - 4. 24,15 på 1500 m.
Til Sommar-OL 1980 i Moskva kom Kratschmer ikkje, ettersom Vest-Tyskland boikotta leikane. Derimot deltok han i Sommar-OL 1984 i Los Angeles. Her oppnådde han 8 326 poeng og la beslag på fjerdeplassen, knappe 100 færre poeng enn bronsevinnaren Siegfried Wentz.
Frå 1975 til 1980 vart Kratschmer årleg vesttysk meister i tikamp, i 1978 vann han også den vesttyske meisterskapen i 110 meter hekk.
Kratschmer vart vald til årets idrettsmann 1980 i Vest-Tyskland i 1980, året etter vart han tildelt Rudolf Harbigs minnepris.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1974 i Roma: Bronsemedalje – 8 132 poeng OL 1976 i Montreal: Sølvmedalje – 8 411 poeng EM 1978 i Praha: Braut etter fyrste øving EM 1982 i Aten: Nr 9 – 8 015 poeng VM 1983 i Helsinki: Nr 9 – 8 096 poeng OL 1984 i Los Angeles: Nr 4 – 8 326 poeng EM 1986 i Stuttgart: Braut etter to øvingar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Guido Kratschmer» frå , den 6. juli 2021.
World Athletics
Kategori:Tyske mangekjemparar Kategori:Tyske hekkeløparar Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Vest-Tyskland