William Sharman () er ein britisk tidlegare hekkeløpar, fødd i Lagos og oppvoksen i Corby. Han vann sølvmedaljen på 110 meter hekk i europameisterskapen 2014.

Aktiv Sharmann fekk sitt internasjonale gjennombrot då han vart fjerdemann på 110 m hekk under Friidretts-VM 2009 i Berlin. I dei neste to verdsmeisterskapane, 2011 i Daegu og 2013 i Moskva, enda han på femteplass i øvinga. Ved europameisterskapen 2014 i Zürich sette han livsbeste med 13,14 sekund i semifinalen, i finalen kom han inn på 13,27 og vann sølvmedaljen.

Sharman vart britisk meister i 110 meter hekkeløp i 2010, 2013 og 2014.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2006 i Göteborg: Utslått i kvalifiseringa (13,85=nr 20) VM 2009 i Berlin: Nr 4 – 13,30 EM 2010 i Barcelona: Utslått i semifinalane (nr 16) VM 2011 i Daegu: Nr 5 – 13,67 EM 2012 i Helsinki: Utslått i semifinalane (13,55=nr 11) VM 2013 i Moskva: Nr 5 – 13,30 EM 2014 i Zürich: Sølvmedalje – 13,27, bakom Sergej Sjubenkov (13,19)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «William Sharman» frå , den 29. juni 2021.

World Athletics

Kategori:Britiske hekkeløparar Kategori:Folk frå Lagos