Robert Prosinečki () er ein kroatisk fotballtrenar og tidlegare -spelar. Han var med om å vinne europacupen i 1991 for Raude Stjerne Beograd. I 1998 fekk han VM-bronse då Kroatia sigra over Nederland i bronsefinalen. Midtbanespelaren er ein av eit fåtal fotballspelarar som har spelt for både Real Madrid og FC Barcelona.

Karriere Klubbspel Prosinečki slo gjennom i Raude Stjerne, ein klubb han spelte for frå 1987 til 1991. I den mållause europacupfinalen 1991 mot Olympique Marseille var han fyrstemann ut i straffetevlinga, ei avslutning som enda med Raude Stjerne-triumf ettersom alle lagets eksekutørar skåra. Deretter vart han, mot 450 millionar pesetas, overført til Real Madrid, ein klubb han tente til 1994. Allereie i det spanske storlaget kom tidte, langvarige skadar som skulle prege hans fotball-liv. Sidan vandra han frå eine klubben til den andre, heilt til han la opp i 2004. Gjennom denne tiårsperioden tente han etter tur spanske Oviedo, FC Barcelona, Sevilla FC, Dinamo Zagreb i heimlandet, belgiske Standard Liège, engelske Portsmouth FC, slovenske Olimpija Ljubljana og NK Zagreb. Bortsett frå 1997 til 2000, då han var Dinamo Zagreb-spelar, skifta han beite mellom, eller i, kvar einaste sesong. Jamt over markerte han seg som ein kreativ midtbanemann med kontante skot.

Landslagsspel Prosinečki spelte i alt 64 landskampar. Åra mellom 1989 og 1991 representerte han Jugoslavia i 15 kampar, skåra 4 mål. Perioden 1994–2002 deltok han i 49 kampar for Kroatia, stod bak 10 nettkjenningar. Høgdepunktet kom med Kroatia i VM i fotball 1998, ei turnering der laget spelte semifinale mot den komande verdsmeisteren Frankrike, og sidan vann bronsefinalen.

I 1987 var han med i det jugoslaviske mannskapet som gjekk til topps i U20-verdsmeisterskapen.

Trenar Frå 2014 til 2017 var Prosinečki landslagssjef i Aserbajdsjan, dernest landslagssjef i Bosnia-Herzegovina sesongane 2018 og 2019.

Merittar Vinnar av europacupen: 1991 for Raude Stjerne Beograd VM-bronse: 1998 med Kroatia Seriemeister i Jugoslavia: 1988, 1990, 1991 for Raude Stjerne Beograd Cupmeister i Jugoslavia: 1989 for Raude Stjerne Beograd Cupmeister i Spania: 1993 for Real Madrid Seriemeister i Kroatia: 1998, 1999, 2000 for Dinamo Zagreb Cupmeister i Kroatia: 1998 for Dinamo Zagreb Cupmeister i Slovenia: 2003 for Olimpija Ljubljana Vinnar av U20-VM: 1987 med Jugoslavia

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Robert Prosinečki» frå , den 22. juni 2021. eu-football

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kroatiske fotballspelarar Kategori:Raude Stjerne-spelarar Kategori:Dinamo Zagreb-spelarar Kategori:Real Madrid-spelarar Kategori:Portsmouth-spelarar Kategori:Sevilla-spelarar Kategori:Standard Liège-spelarar Kategori:Barcelona-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1996 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002