Peter Hjalmar Finnestad () var ein norsk gardbrukar og politikar frå Rakkestad i Østfold. Han var mangeårig ordførar i Rakkestad og stortingsmann 1919-21 frå einmannskrinsen Tune, vald for partiet Venstre.
Finnestad tok eksamen ved jordbruksskolen på Kalnes i 1903. Han tok over garden Finnestad Nordre i 1915 og dreiv denne til høg alder.
I 1908 vart Finnestad vald inn i heradsstyret i Rakkestad, og var kommunemann samanhengande fram til andre verdskrigen. Då Degernes i 1917 vart skild ut som eige herad, vart Finnestad vald til ordførar i Rakkestad herad. Valperioden 1919-21 representerte han einmannskrinsen Tune på Stortinget, der han var medlem i Justiskomiteen.
Ved kommunevalet hausten 1928 fekk Venstre einast tre representantar i Rakkestad, så Finnestad mista ordførarvervet. Ved seinare kommuneval stilte han på felleslister. Frå 1935 til -37 var han atter ordførar, deretter varaordførar til 1941.
Under Tysklands okkupasjon av Noreg melde Finnestad seg inn i Nasjonal Samling i oktober 1940, «for å hjelpe til med å sikre den kommunale forvaltning i bygden å forsøke å få norsk styre ellers i det lengste». Okkupasjonstida hadde han ulike verv både i og utanfor kommunen. Siste tida før kapitulasjonen i mai 1945 var han ordførar i Rakkestad.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar for Smaalenenes amt Kategori:Ordførarar i Rakkestad Kategori:Venstreordførarar i Østfold Kategori:NS-ordførarar i Østfold Kategori:Folk frå Rakkestad