Alcippe er ei biologisk slekt med ti artar sporvefuglar som lever i den orientalske regionen av Asia. Dei norske artsnamna har fellesnemninga 'fulvetta'. Slekta har tidvis vore rekna som den einaste slekta i sin eigen familie Alcippeidae, etter 2025-revisjonen av AviList er slekta ein del av lattertrastfamilien.
Skildring Alcippe-fulvettaene er 12,5 til 16,5 cm lange og har 13,2 til 18,3 gram kroppsmasse. Oversida av fjørdrakta er dus brun eller olivengrå, undersida noko lysare. Hovudet og nakken er i brunt eller grått. Ofte kan ein sjå ein kvit augering eller ei lang mørk stripe over auga. Artane i denne slekta er mindre enn dei andre medlemmene i lattertrastfamilien og har mindre kraftig farga fjørdrakt enn desse. Samanlikna med marktimalar (Pellorneidae) har Alcippe-artane veikare bein og lever i meir arboreale habitat.
Artsliste Alcippe-fulvettaene i rekkjefølgje etter AviList v2025: med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Gråkronefulvetta, Alcippe poioicephala, Brown-cheeked Fulvetta, (Jerdon, 1841), (LC) Svartbrynfulvetta, Alcippe grotei, Black-browed Fulvetta, Delacour, 1936, (LC) Jernfulvetta, Alcippe brunneicauda, Brown Fulvetta, (Salvadori, 1879), (NT) Javafulvetta, Alcippe pyrrhoptera, Javan Fulvetta, (Bonaparte, 1850), (LC) Brillefulvetta, Alcippe nipalensis, Nepal Fulvetta, (Hodgson, 1837), (LC) Hubeifulvetta, Alcippe davidi, David's Fulvetta, Styan, 1896 Guangdongfulvetta, Alcippe hueti, Huet's Fulvetta, David, A, 1874 Gråhovudfulvetta, Alcippe morrisonia, Grey-cheeked Fulvetta, Swinhoe, 1863, (LC) Yunnanfulvetta, Alcippe fratercula, Yunnan Fulvetta, Rippon, 1900 Kvitbrystfulvetta, Alcippe peracensis, Mountain Fulvetta, Sharpe, 1887, (LC)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Zweigdrosslinge» frå , den 27. mai 2021.
Referansar
Bakgrunnsstoff
kategori:sporvefuglar
