John Nicolaas Rep () er ein tidlegare nederlandsk fotballspelar (høgrekant) og -trenar.
Rep spelte for ei rekkje europeiske klubbar gjennom sin 16 år lange karriere, mellom anna Ajax og Feyenoord i heimlandet, Valencia i Spania og franske AS Saint-Étienne. Hjå Ajax var han med om å vinne ei lang rekke titlar, mellom anna to nederlandske seriemeisterskap og to utgåver av Europacupen. Han vart òg fransk seriemeister med AS Saint-Étienne.
Rep spelte dessutan 42 kampar og skåra 12 mål for det nederlandske landslaget. Han var med om å vinne sølv med det nederlandske landslaget i VM 1974 i Vest-Tyskland og VM 1978 i Argentina. Han skåra 4 mål i 1974 og tre mål i 1978. Dei sju skåringane gjer han til den mestskårande nederlandske spelaren i VM nokon sinne.
Merittar Nederlandsk seriemeister: 1972 og 1973 med Ajax Vinnar av Europacupen: 1972 og 1973 med Ajax VM-sølv: med Nederland i 1974 og 1978 Fransk seriemeister: 1981 med Saint-Étienne Tapande finalist i UEFA-cupen: 1978 med Bastia
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Johnny Rep» frå den 16. mai 2021.
Kategori:Nederlandske fotballspelarar Kategori:Ajax-spelarar Kategori:Valencia-spelarar Kategori:Bastia-spelarar Kategori:Bastia-spelarar Kategori:Saint-Étienne-spelarar Kategori:Feyenoord-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1974 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1976 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1978 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1980