Jolán Kleiber-Kontsek () var ein ungarsk friidrettsutøvar frå Budapest som særleg utmerkte seg i diskokasting.
Aktiv Jolán Kontsek kom på tredjeplass i diskostevlinga ved universiaden 1961 i Sofia. Året etter vann ho bronsen i øvinga under europameisterskapen i Beograd, slått av gullvinnar Tamara Press frå Sovjetunionen og Doris Müller frå Aust-Tyskland. Under universiaden 1963 i Pôrto Alegre vart Kontsek nummer to i diskoskasting og nummer tre i kulestøyt.
Også under Sommar-OL 1964 deltok Kleiber-Kontsek i både diskos- og kuletevlinga. Her enda ho sjetteplass i diskoskast, i kulestøyt rauk ho ut i kvalifiseringa. I 1965 vann ho diskosøvinga då universiaden fann stad i heimbyen Budapest, landskvinna Judit Stugner og olympiameisteren Tamara Press kom på plassane bak.
I europameisterskapen 1966, også den meisterskapen avvikla i Budapest, enda Kleiber-Kontsek på fjerdeplass i diskoskast. Under Sommar-OL 1968 i Mexico-byen tok ho bronsemedaljen i øvinga, langt bak vinnaren Lia Manoliu frå Romania og vesttyske Liesel Westermann. Sidan enda ho niandeplassen under EM i friidrett 1971, same sesongen presterte ho sitt livs lengste diskoskast på 60,18 meter.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jolán Kleiber-Kontsek» frå , den 12. mai 2021.
World Athletics
Kategori:Ungarske diskoskastarar Kategori:Ungarske kulestøytarar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Ungarn Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968