Riccardo Ferri () er ein italiensk tidlegare fotballspelar frå Crema. Han var midtstoppar på Inter-lag som vann både Serie A og UEFA-cupen. Karriere Klubbspel Ferri debuterte på Inter Milan i oktober 1981 og var Inter-spelar i 13 sesongar- Han var med om å vinne Serie A i 1989 og UEFA-cupen 1991, så vel som UEFA-cupen 1994. Etter den siste triumfen vart han overført til Sampdoria, der han var aktiv til 1996.
Landslagsspel Ferri deltok i tida 1986 til 1992 i 45 av det italienske landslaget sine kampar, skåra i alt 4 mål. Både under europameiskapen 1988 og verdsmeisterskapen 1990 gjekk Italia og Ferri på tap i semifinalen, i den siste turneringa etter straffesparktevling. På heimebane i 1990 berga Italia bronsemedaljen med siger 2-1 over England, ein kamp der Ferri var innbytar. Fire av hans landskampar var mot Noreg, desse enda 0-0, 2-1, 1-2 og 1-1.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Riccardo Ferri» frå , den 28. april 2021. eu-football
Kategori:Italienske fotballspelarar Kategori:Inter-spelarar Kategori:Sampdoria-spelarar Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 1984 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1988 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990