MS «Cape Faro», seinare MS «Crux» var eit motorskip bygt i 1944 som lasteskip for U.S. War Shipping Administration.

I desember 1946 var skipet eitt av mange som vart kjøpt av den norske staten, og det vart overteke av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) i februar 1947. Hos BDS fekk det namnet «Crux». Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Crux er det latinske namnet på stjernebiletet Sørkrossen. Det var det andre BDS-skipet med dette namnet etter , som krigsforliste i 1940.

Skipet vart sett inn i Syd-Amerikalinjen fram til tidleg i 1950-åra då det vart selt, og segla under fleire norske reiarlag under ulike namn fram til det vart opphogd i Taiwan i 1972.

Historie Skipet vart bygt ved Pennsylvania Shipyard Inc. i Beaumont i Texas i USA. Det vart kjølstrekt 13. desember 1943, sjøsett 27. februar 1944 og levert 29. april 1944. Gudmor var Mrs. John Mc. Gregor.

I desember 1946 vart skipet selt for nesten éin million amerikanske dollar til Den norske staten under Skipsfartsdirektoratet i Oslo og i februar 1947 vart det selt vidare til Det Bergenske Dampskibsselskab i Bergen. BDS gav det namnet «Crux» og det gjekk inn i Syd-Amerikalinjen. Det norske mannskapet vart flydd over til USA i puljer for å ta over skipet. 14. mars 1947 segla det ut frå Beaumont mot Rio de Janeiro via Trinidad. På denne første turen var det òg innom Bahia Blanca og Buenos Aires i mai, og segla tidleg i juni frå Buenos Aires mot Bergen via Tenerife. 26. juni 1947 var «Crux» i Bergen og Noreg for første gongen med ei last av mellom anna 60 tonn hudar, barkestoff og 1300 tonn fôrmjøl. Etter anløp i Oslo, Drammen og Brevik gjekk det attende mot Sør-Amerika, der det nådde fram i september. Under denne turen var mannskapet på «Crux» ei av ei rekkje som gjennomførte ein sit down-streik i protest mot nye skattereglar for sjøfolk etter andre verdskrigen. I heile 1948 gjekk det i linja til Sør-Amerika, før det første halvdel av 1949 gjekk på timecharter for Black Diamond Line mellom New York og Antwerpen/Rotterdam. I slutten av juli gjekk det inn att i Sør-Amerikalinja.

18. januar 1950 braut det ut brann i lasta i rom nummer 2 på «Crux» då det var 325 km utafor kysten av Portugal på veg mot Danmark og Noreg med stykkgods og korn. Mannskapet fekk kontroll over elden, men tok skipet inn til Lisboa for potensiell etterslokking. Lasta bestod mellom anna av oljekaker.

I juni 1950 gjekk skipet inn i timecharter for Wilh. Wilhelmsen dei neste ni månadane med turar til India og Burma via Suezkanalen. I juni 1951 vart skipet selt til Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab for 11 millionar kroner. Skipet skulle derimot halde fram å gå for BDS dei neste tre åra på såkalla bare-boat-charter, og fortsette slik i linja til Sør-Amerika fram til 1954. Då det kom attende frå India for Wilhelmsen gjekk det til Stavanger for overhaling og den neste turen etter dette gjekk til Murmansk og så til Gdynia i Polen i september-oktober 1951. Først i oktober gjekk skipet på ny inn i Sør-Amerikalinja.

I juni 1951 var det ei sak i Danmark der den danske tungvektsmeisteren i boksing, Tommy Skovgaard, måtte i retten for å ha gjeve tre av mannskapet på «Crux» juling. Dei skal ha sete på restauranten Lunden i Århus då ein rusa Skovgaard kom inn og slo sigaren ut av munnen på ein av dei. Då sjømannen ikkje reagerte skal Skovgaard ha blitt rasande og byrja å sloss med dei tre nordmennene. 26. november 1953 beslagla Tollvesenet 200 liter liter sprit og 30 000 sigarettar ombord på «Crux» i Oslo. Smuglarvarene vart mellom anna funnen under lasta i rom nr. 5, og tre av mannskapet tilstod seinare. To av dei vart arresterte.

I mars 1954 vart det selt til Skibs A/S Golden West (J.H. Andresen & Tidemand Tobakfabrikk) i Oslo for 33 000 britiske pund, og vart omdøypt «Grey Master». Dei første turane gjekk det mellom USA og Sør-Amerika.

I mai 1960 vart det selt til ei rekkje reiarlag i Kristiansand, A/S Odderø, A/S Helgøy, A/S Norsk Rutefart, A/S Kinn og A/S Oksøy (A.I. Langfeldt & Co) for 4,35 millionar kroner og det fekk namnet «Siredal». I mai 1963 vart det omdøypt på grunn av timecharter Saquenay til «Sunfalcon». I 1966 vart skipet overført til I/S M/S Sunfalcon (A.I.Langfeldt & Co) i Kristiansand for 2,25 millionar kroner.

Skipet vart i februar 1968 selt til Skips A/S Soltun & Co (Johs. Solstad) i Skudeneshavn for 1,45 millionar kroner og fekk det nye namnet «Concordia Falco». I august same året vart det omdøypt «Sol Tulla», før det same månad fekk namnet «Scandia Falcon». Dette namnet hadde det fram til det vart selt i januar 1972 til Taiwan for 235 000 amerikanske dollar for opphogging. Skipet ankom Kaohsiung og Zui Feng Steel & Iron Works den 21. januar 1972.

Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 5 231 brt, 3 028 nrt og lasteevna var 7 900 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 12 506 m³. Hovudmaskinen var to stykk 6-sylindra 2-takts dieselmotorar, levert av Nordberg Manufacturing Co. i Milwaukee. Oppgjeven yting var 4 150 bHk (bremsande hestekrefter) og 770 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 13,5 knop.

Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab

Kjelder

Mange av ruteskildringane er henta frå søk i arkivet til Bergens Tidende under små, korte notisar kalla «Skipsetterretninger».

Kategori:USA-amerikanske motorskip Kategori:USA-amerikanske lasteskip Kategori:Norske motorskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde ved Pennsylvania Shipyard Inc. Kategori:Skip frå 1944 Kategori:Skip sluttsegla i 1972