Viktor Olegovitsj Pelevin () er ein russisk forfattar. Han gav ut den fyrste novella si i 1989, men slo først gjennom etter at Sovjetunionen fall i 1992. Pelevin blei ein av dei mest omtalte forfattarane i Russland på 1990-talet.
Forfattarskap Pelevin skriv både kortare og lengre prosa, men det er særleg gjennom romansjangeren han har fått merksemd. Dei fyrste novellene hans var skrivne innanfor den sovjetiske science fiction-tradisjonen, men det var novellesamlinga Den blå lanterne som gav han anerkjenning blant eit større publikum. Denne vann han den russiske Visle Booker-prisen i 1992 som årets beste litterære debut. Seinare på 1990-talet ble romanane Omon Ra, Tsjapaev og Pustota, Generasjon P litterære hendingar i Russland, ikkje minst fordi den litterære kvaliteten deira var så omdiskutert.
Utvald bibliografi Romanar Omon Ra (Омон Ра, 1992). Omsett til norsk av Isak Rogde. Tsjapaev og tomheten (Чапаев и Пустота, 1996) Generasjon P (Generation «П», 1999). Omsett til norsk av Isak Rogde. Tallene (Числа, 2004). Omsett til norsk av Isak Rogde. Varulvens hellige bok (Священная книга оборотня, 2004) Skrekkens hjelm (Шлем ужаса, 2005). Omsett til norsk av Isak Rogde. Empire V (Ампир В, 2006) P5 (П5. Прощальные песни политических пигмеев Пиндостана, 2008) t (t, 2009) S.N.U.F.F. (S.N.U.F.F., 2011) Batman Apollo (Бэтман Аполло, 2013)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Viktor Pelevin» frå , den 19. april 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Russiske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1900-talet Kategori:Forfattarar frå 2000-talet Kategori:Folk frå Moskva