Igor Romisjevskij () var ein russisk ishockeyspelar frå Zjukovskij i Moskva oblast. Perioden 1968-72 vann han to OL-gull og tre VM-gull for Sovjetunionen, i tillegg til VM-sølv.

Forsvarsspelaren Romisjevskij vart olympisk meister med det sterke sovjetmannskapet som gjekk til topps i ishockey-turneringa under vinterleikane 1968 i Grenoble. Dei neste tre åra vart han verdsmeister med mykje det same sovjetlandslaget. Under Vinter-OL 1972 i Sapporo forsvarte Romisjevskij og lagkameratane den olympiske meistertittelen, derimot måtte dei sjå seg slått av Tsjekkoslovakia då Ishockey-VM 1972 vart avvikla i Praha i april 1972.

Romisjevskij gjorde teneste i CSKA Moskva frå 1960 til han la opp i 1972. Gjennom desse tolv sesongane fekk han med seg ni seriemeisterpokalar og fire cupmeistertitlar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Igor Anatoljewitsch Romischewski» frå , den 6. april 2021.

Kategori:Sovjetiske ishockeyspelarar Kategori:Russiske ishockeyspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i ishockey Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1968 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1972