Vladimir Nikolajevitsj Sjadrin () var ein russisk ishockeyspelar frå Moskva. Perioden 1970-78 vann han fem VM-gull og to OL-gull for Sovjetunionen.
Sjadrin vart verdsmeister i 1970, 1973, 1974, 1975 og 1978. Både frå Vinter-OL 1972 og Vinter-OL 1976 reiste han heim som olympisk meister. I tillegg vann han to VM-sølv og ei VM-bronse.
Senterløparen Sjadrin spelte på Spartak Moskva frå 1965 til 1979 og danna over mange sesongar ei frykta fyrsterekke i lag med vengane Aleksandr Jakusjev og Aleksandr Martinjuk. Han vart sovjetisk seriemeister 1967, 1969 og 1976, samt cupmeister i 1970 og 1971. Frå 1979 til han la opp i 1983 var han aktiv for den japanske ishockeyklubben Ōji Seishi, seriemeister 1982 og 1983.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wladimir Nikolajewitsch Schadrin» frå , den 4. april 2021.
Kategori:Sovjetiske ishockeyspelarar Kategori:Russiske ishockeyspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i ishockey Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1976 Kategori:Folk frå Moskva