Lutørkenen eller Dasht-e Lut (persisk دشت لوت, «Den tomme sletta»), er ein stor saltørken i provinsane Kerman og Sistan og Balutsjistan i Iran. Det er den 27. største ørkenen i verda og vart oppført på verdsarvlista til UNESCO den 17. juli 2016. Temepraturen på sandoverflata er målt til så høg som 70 °C, som gjer det til ein av dei tørraste og varmaste plassane på jorda.

Skildring mini|venstre|Kart over biotop i Iran mini|venstre|Yardangar i Lutørkenen i Kerman-provinsen i Iran.

Iran er klimatisk sett ein del av det afro-asiatiske ørkenbeltet, som strekkjer seg frå Kapp Verde-øyane utafor Vest-Afrika og heile vegen til Mongolia nær Beijing i Kina. Dei flekkete, langstrekte og lyse områda i framgrunnen (parallelt med fjellkjeda) er den nordlegaste av dei tørre innsjøane i ørkenen, som strekkjer seg 300 km sørover. Dei nesten-tropiske ørkenane får mest nedbør. Som følgje av dette er ørkenen stort sett ein abiotisk sone.

Iransk geografi består av eit platå omgjeve av fjell og delt inn i ulike nedslagsfelt. Dasht-e Loot er eit av dei største av desse ørkenbassenga, og er 480 km lang og 320 km brei, og vert rekna som ein av dei tørraste stadane på jorda.Satellites seek global hot spots / The Christian Science Monitor - CSMonitor.comTemperature of Earth

Arealet i ørkenen er kring 51 800 km². Det andre store bassenget er Dasht-e Kavir. I regntida om våren, renn vatn ei kort stund ned frå Kermanfjella, men tørkar raskt opp, og let etter seg berre steinar, sand og salt.

Den austlege delen av Dasht-e Loot er eit lågt platå dekt av saltsletter. I motsetnad har dei sentrale områda blitt forma av vinden til ei rekkje parallelle ryggar og furer, som strekkjer seg over 150 km og når ei høgd på 75 m. Dette området har òg mange raviner og slukhol. Dei søraustlege områda er vide område med sand, som dynehavet i Sahara, med sanddyner som er opp til 300 meter høge og blant dei høgaste i verda.

Varmaste overflate på jorda mini|Forskarar ved University of Montana kom fram til at Loot-ørkenen i Iran nådde dei høgaste temperaturane nokon stad på jorda mellom 2003 og 2009. mini|Dette satellittbiletet er sentrert på regionen Namak-Zar i Dasht-E-Lut (Lutørkenen) (30.5N, 58.5E). Biletet syner sanddyner og yardang-formasjonar.

Målingar gjort av MODIS (Moderate-Resolution Imaging Spectroradiometer) på NASA-satellitten Aqua frå 2003 til 2010 synte at Dasht-e-Lut er den varmaste overflata på jorda med ein temperatur målt til 70,7 ºC, sjølv om lufttemperaturen er lågare.The Hottest Spot on Earth : Image of the DayWeather Iran (persisk)PressTV Iran Presisjonen i målinga er 0,5 til 1 grad.MOD 11 - Land Surface Temperature and Emissivity, MODIS WebsiteZhengming Wan (April 1999) MODIS Land-Surface Temperature Algorithm Theoretical Basis Document (LST ATBD) Version 3.3

Den varmast delen av Dasht-e Loot er Gandom Beryan, eit stort platå dekt med svart lava, kring 480 km² i flatevidd.A Journey To Earths Hottest Point

Sjå òg Dasht-e Kavir Iransk geografi

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dasht-e Lut» frå , den 3. april 2021. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Ørkenar i Iran Kategori:Erg Kategori:Verdsarv i Iran