Jorun Thørring () er ein norsk gynekolog og forfattar, no busett i Melhus kommune. Ho budde tre år i Paris, der handlinga i den fyrste boka hennar er lagt. Thørring har òg studert fransk.

I den fyrste boka hennar, Skyggemannen, vert ein ung mann drepen i ein leigegard i Paris, og Orla Os, opphavleg frå Vesterålen, men no rettsmedisinar og spesialetterforskar i Frankrike, og kollegaene hennar må finne ut kva som har hendt. Året etter, i 2006, kom ho med boka Glassdukkene. I denne boka følgjer ein ein annan hovudperson, samen Aslak Eira ved Tromsø politikammer. I Tarantellen frå 2007 vende Thørring tilbake til Paris og Orla Os.

Alle bøkene hennar er vorte godt mottekne av kritikarane, og rettane til fleire av dei er selde til mellom andre Sverige, Danmark og Tyskland.

Bibliografi Skyggemannen (2005, Aschehoug) Glassdukkene (2006, Aschehoug) Tarantellen (2007, Aschehoug) Ildens øye (2009, Aschehoug)

Priser Havmannprisen 2007, for Tarantellen

Bakgrunnsstoff Om Thørring på Aschehoug Nordlys: Havmannprisen til Jorun Thørring

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske kriminalforfattarar Kategori:Folk frå Melhus Kategori:Folk frå Tromsø