Cascade County er eit fylke sentralt i den USA-amerikanske delstaten Montana. Flatevidda til fylket er på 7 023 km², folketalet vel 81 000. Fylkeadministrasjonen held til i byen Great Falls.
Fylket vart grunnlagt i 1887. Ved folketeljinga 2000 vart 22,5 % av ibuarane registrerte som tyskætta, 11,1 % irskætta og 10,2 % av norsk ætt.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cascade County, Montana» frå , den 27. mars 2021.
Kategori:County i Montana