Jorunn Simonsen Thingnes (fødd 1990) er ein norsk sosiolingvist og førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet.
Thingnes vart fødd i Jølster og studerte ved Universitetet i Oslo. Ho tok doktorgraden (ph.d.) ved MultiLing - Senter for fleirspråklegheit ved det same universitetet i 2020 med tittelen Å velje minoriserte språk. Språkpolitikk og språkval i akademia.
Thingnes har vore aktiv i målrørsla, mellom anna som leiar av Studentmållaget i Oslo og som sentralstyremedlem i Norsk Målungdom. Ho har og sete i fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Oslo.
Forsking I doktorgradsavhandlinga si undersøkte Thingnes språkpolitikk og språkval ved Høgskulen på vestlandet og Samisk høgskule. Desse institusjonane har det til felles at dei har teke val om å nytte seg av mindretalsspråk som hovudspråk (høvevis nynorsk og samisk). Eitt av funna i prosjektet var at desse vala stadig måtte forsvarast og forklarast. I doktorgradsprosjektet utfordrar Thingnes etablerte sanningar og utvidar perspektiva ein har på språkpolitikk og språkval i akademia.
Gjennom forskinga si på statusen til nynorsk og samisk i akademia viser Thingnes korleis det er teneleg å nytt omgrepet minoriserte språk om desse språka i ulike kontekstar.
Thingnes heldt Ivar Aasen-minneføredraget 2021 ved Dei nynorske festspela. Ho mottok i 2021 H.M. Kongens gullmedalje for avhandlinga si.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Publikasjonar av Jorunn Simonsen Thingnes i forskingsdokumentasjonssystemet CRIStin. Personside ved HVL.no Om doktorgraden til Jorunn Simonsen Thingnes ved uio.no
Kategori:Norske språkforskarar Kategori:Folk frå Jølster