Université Panthéon-Assas (offisielt Paris-II) er eit universitet i Paris. Det blei skipa etter ei universitetsreform den 1. januar 1971. Universitetet har rundt 19 000 studentar, der i underkant av 15 000 studerer juridiske fag, og ein fagleg og administrativ stab på .

Namnet «Panthéon-Assas» kjem av at Panthéon ligg like i nærleiken av universitetet og at hovudbygget ligg i rue d'Assas. Universitetet ligg vest for Jardin du Luxembourg. Det klassiske studentkvarteret i byen, Quartier latin, er ikkje langt unna.

Universitetet er rekna som ein etterfølgjarinstitusjon etter det gamle Universitetet i Paris, meir spesifikt det juridiske fakultetet der.

I tillegg til jus og økonomiske studium blir det også undervist i administrasjonsfag, politikk og samfunnsvitskap.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Université Panthéon-Assas» frå , den 7. mars 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Universitet i Frankrike Kategori:Utdanning i Paris Kategori:Skipingar i 1971 Kategori:5. arrondissement i Paris Kategori:6. arrondissement i Paris