mini|Kart over den geografiske, politiske (delvis) og kulturelle rekkjevidda til Persia (Iran) og iranarar som svarar til dagens Stor-Iran|400x400px Stor-Iran (farsi ایران بزرگ, Irān-e Bozorg), òg kalla Stor-Persia (farsi سرزمین پارس, Sarzamin-e Pārs) er eit omgrep nytta om regionar i Kaukasus, Vest-Asia, Sentral-Asia og delar av Sør-Asia som har påverknad av iransk kultur fordi området anten gjennom lange tider har vore styrt av ymse iranske og persiske rike gjennom historia (som Media, Akamenide-dynastiet, Partia, sassanidane, samanidane, safavidane og Afsharid-dynastiet, qajarane),Richard Nelson Frye, The Harvard Theological Review, Vol. 55, No. 4 (Oct., 1962), s. 261-268 https://www.jstor.org/pss/1508723. har fleire aspekt av persisk kultur på grunn av omfattande kontakt med dei forskjellige imperia basert i Persia (til dømes regionane og folket i Nord-Kaukasus som ikkje var under direkte iransk styre), eller er rett og slett framleis i dag er busett av mange iranske folk som framleis vernar om sine respektive kulturar (slik det gjeld for dei vestlege delane av Sør-Asia, Bahrain og Kina). Det tilsvarar omtrent territoriet på det iranske platået og dei tilstøytande slettene.Dialect, Culture, and Society in Eastern Arabia: Glossary. Clive Holes. 2001. Page XXX. The Encyclopædia Iranica uses the term Iranian Cultural Continent for this region.

Omgrepet Iran er ikkje avgrensa til den moderne staten Iran (Persia), men omfattar alle territoria styrt av iranarar, inkludert Mesopotamia, Eastern Anatolia, all of the Kaukasus og Sentral-Asia.Reitzenstein and Qumrân Revisited by an Iranian, Richard Nelson Frye, The Harvard Theological Review, Vol. 55, No. 4 (Oct., 1962), s. 261-268 https://www.jstor.org/pss/1508723International Journal of Middle East Studies (2007), 39: pp 307-309 Copyright © 2007 Cambridge University Press http://journals.cambridge.org/action/displayAbstract?fromPage=online&aid=1009412 Konseptet Stor-Iran har opphavet sitt i historia om Akamenide-dynastiet i Persis (Pars), og overlappa til ein viss grad med iransk historie.

I nyare hundreår mista Iran mange av territoria som vart erobra under safavidane og qajarane, inkludert Irak til osmanarane (via Amasya-avtalen i 1555 og Zuhab-traktaten i 1639), Vest-Afghanistan til britane (via Parisavtalen i 1857 og MacMahon-meklinga i 1905), og alle territoria i Kaukasus til Russland under dei russisk-persiske krigane på 1800-talet. Gulistanavtalen i 1813 førte til at Iran avstod Dagestan, Georgia og det meste av Aserbajdsjan til Russland. Turkmancheyavtalen frå 1828 enda for godt dei mange hundreåra med iransk kontroll over dei kaukasiske provinsane, og Iran måtte avstå dagens Armenia, resten av Aserbajdsjan og Igdir (austlege Tyrkia), og sette den moderne grensa langs elva Aras.

I 1935 vart namnet Iran gjort til det offisielle namnet på Persia av regenten Reza Shah. I 1959 avgjorde derimot regjeringa til Shah Mohammad Reza Pahlavi, sonen til Reza Shah Pahlavis at både «Persia» og «Iran» kunne brukast om ein annan.Yarshater, Ehsan Persia or Iran, persisk or Farsi , Iranian Studies, vol. XXII no. 1 (1989)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Greater Iran» frå , den 5. mars 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Iransk nasjonalisme Kategori:Kulturelle regionar Kategori:Iransk geografi Kategori:Iransk historie Kategori:Iransk kultur Kategori:Sentral-Asia Kategori:Midtausten Kategori:Vest-Asia Kategori:Historisk geografi Kategori:Historiske regionar i Iran