Senter for praktisk kunnskap (SPK) er eit tverrfagleg utdannings- og forskingssenter ved Nord universitet, administrativt lagt under Fakultet for lærarutdanning og kunst og kulturfag. Her driv ein med tverrfagleg forsking, undervising og ph.d.-rettleiing. Senteret vart skipa i 1997 ved det som då var Høgskulen i Bodø for å stimulera til forsking og kritisk refleksjon innan alle typar praksisar, særleg yrkes- og profesjonspraksisar. Senteret hadde eit hovudansvar for søknaden om og drifta av doktorgradsprogrammet Ph.d. i studium av profesjonspraksis frå akkrediteringa i 2009 fram til fusjonen i 2016 mellom Universitetet i Nordland, Høgskulen i Nesna og Høgskulen i Nord-Trøndelag til Nord universitet.

SPK har eit samansett forskingsmiljø som særleg studerer profesjonar, profesjonsutøving og profesjonskvalifisering.

Forskningsgrupper Forskarar ved Senter for profesjonsstudium er organisert i to forskingsgrupper:

Den praktiske kunnskapens teori Borderologi

Forskingsgruppene har spesialisert seg på studium av praktisk kunnskap eller praxis og på kunnskapsutvikling i praksis der både etiske og kvalitative spørsmål i ulike typar praksisar står sentralt. Forskingsgruppa for borderologi studerer kunnskap i grenseland mellom praksisar og har eit samarbeid med Universitetet i Murmansk om master i borderologi, det å leva på grensene mellom to land. Prosjektet var opphavleg finansiert av Utanriksdepartementet.

Aktivitetar Senter for praktisk kunnskap har ei rad prosjekt og aktivitetar, blant anna:

Aktive deltakarar i Ph.d.-programmet studium profesjonspraksis og fleire ph.d.-emne. Master i praktisk kunnskap Kurs i generell vitskapsteori (vitskapsfilosofi), metodologi, profesjonsetikk og forskingsetikk

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Senter for praktisk kunnskap» frå , den 27. februar 2021.

Referansar Halås, C. T., K. Steinsvik og I. G. Kymre, red. (2017). Humanistiske forskningstilnærminger til profesjonspraksis. Oslo, Gyldendal akademisk. McGuirk, J.N. og J. S. Methi, red. (2015). Praktisk kunnskap som profesjonsforskning. Antologi over yrkeserfaringen som utgangspunkt for forståelse av kunnskapsutvikling i praksis. Bergen, Fagbokforlaget.

Bakgrunnsstoff  Senter for praktisk kunnskap

Kategori:Nord universitet