mini|Kart over Frankrike i 1477, då Guyenne var kroneigedom. mini|Kart over Guyenne og Gascogne i 1733 Guyenne eller Guienne (fransk uttale [ɡɥijɛn]; oksitansk Guiana [ˈɡjanɔ]) er ein gammal fransk provins som grovt sett svarte til den romerske provinsen Aquitania Secunda og erkebispedømet Bordeaux.
Namnet "Guyenne" kjem frå Aguyenne, ei folkeleg omforming av Aquitania.Xavier de Planhol, An Historical Geography of France (Cambridge, 1994), s. 168. På 1100-talet danna det saman med Gascogne grevskapen Aquitaine, som gjekk inn under herredømet til den engelske trona gjennom ekteskapet mellom Eleanor av Aquitaine og Henrik II.
På 1200-talet blei området forminska gjennom erobringane til Filip II, Ludvig VIII og Ludvig IX, og dei nye grensene blei fastsette gjennom Paris-traktaten av 1259. Rundt denne tida byrja Guyenne å bli skild frå Aquitaine. Guyenne bestod då av Bordelais (det gamle grevskapet Bordeaux), Bazadais, delar av Périgord, Limousin, Quercy og Rouergue og Agenais som Filip III hadde avstått til Edvard I i 1279. Framleis sameint med Gascogne danna det eit hertugdøme som strekte seg frå Charente til Pyreneane. Hertugdømet blei halde som eit len gjeve av dei franske kongane, og i 1296 og igjen i 1324 blei det konfiskert av kongen med det grunnlaget at føydalherren ikkje hadde overhalde pliktene sine.
Ved Brétigny-traktaten av 1360 fekk Edvard III av England full suverenitet over hertugdømet Guyenne, i lag med Aunis, Saintonge, Angoumois og Poitou. Sigrane til Bertrand du Guesclin og hertug Gaston III av Foix vann hertugdømet med grensene frå 1200-talet tilbake kort tid etter. I 1451 blei det erobra og endeleg slått saman med den franske krona av Karl VII. I 1469 gav Ludvig XI det i bytte mot Champagne og Brie til bror sin Charles, greven av Berry. Etter at denne døydde i 1472 blei det igjen del av dei franske kroneigedommane.
Guyenne skipa så eit styre () som frå 1600-talet av var sameint med Gascogne. Styret av Guyenne og Gascogne (), med Bordeaux som hovudstad, varte til enden av det franske kongedømet (Ancien Régime) i 1792. Under den franske revolusjonen blei nye department laga frå Guyenne: Gironde, Lot-et-Garonne, Dordogne, Lot, Aveyron og størstedelen av Tarn-et-Garonne.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Guyenne» frå , den 18. februar 2021.
Kategori:Historia til Nouvelle-Aquitaine Kategori:Tidlegare provinsar i Frankrike