Verdscupen i skihopping 1980 omfatta 25 tevlingar. Turneringa, den aller fyrste i sitt slag, tok til den 27. desember 1979 i Cortina d'Ampezzo i Italia og vart avslutta i storbakken i Štrbské Pleso i dåverande Tsjekkoslovakia 25. mars 1980. Dei 25 tevlingane fordelte seg på 8 i normalbakkar, 16 i storbakkar og ei skiflygingstevling i Vikersundbakken.
Hubert Neuper frå Austerrike vann den store FIS-premien, trass i at han vann berre tre av hopprenna. Hans landsmann Armin Kogler, som kom på andreplass i turneringa, sigra i flest renn med sine fem triumfar. I tevlinga for landslag sanka Austerrike 1035 poeng, Noreg vart nummer 2 med 524 poeng.
Individuelt Plass Utøvar Land PoengSigrar 1 Hubert Neuper 238 3 2 Armin Kogler 220 5 3 Stanislaw Bobak 130 1 4 Hirokazu Yagi 116 1 5 Masahiro Akimoto 109 2 6 Johan Sætre 108 7 Hans Millonig 108 1 8 Hansjörg Sumi 102 1 9 Toni Innauer 95 2 10 Jari Puikkonen 87 11 Hans Wallner 87 12 Steve Collins 83 1 13 Tom Levorstad 83 14 Roger Ruud 82 1 15 Alfred Groyer 81 16 Piotr Fijas 73 2 17 Per Bergerud 70 1 18 Alois Lipburger 70 19 Jouko Törmänen 65 1 20 Bogdan Norčič 61 21 Henry Glaß 56 22 Klaus Ostwald 56 23 Klaus Tuchscherer 49 24 Peter Leitner 46 25 Bernard Moullier 42 26 Martin Weber 41 1 27 Tom Kristiansen 40 1
Kjelder Sportsboken 80-81. Dreyer Bok Stavanger. 1980.
Kategori:Nordiske greiner 1980 Kategori:Sport i 1980