Verdscupen i skihopping 1982 omfatta 23 tevlingar. Turneringa tok til med eit normalbakkerenn 20. desember 1981 i Cortina d'Ampezzo i Italia og vart avslutta i storbakken i Planica i dåverande Jugoslavia 28. mars 1982. Dei 23 tevlingane fordelte seg på 9 i normalbakkar, 11 i storbakkar og 3 i skiflyging, alle skiflygingstevlingane fann stad i Bad Mitterndorf i Austerrike.

Fjorårsvinnar Armin Kogler frå Austerrike sikra seg på ny den store FIS-premien, trass i at han vann berre tre av hopprenna. Nordmannen Ole Bremseth vann flest renn, alle hans seks triumfar kom i siste del av sesongen. I tevlinga for landslag sigra Austerrike, sterkt pressa av Noreg.

Individuelt Plass Utøvar Land PoengSigrar 1 Armin Kogler 189 3 2 Hubert Neuper 174 3 3 Horst Bulau 150 3 4 Matti Nykänen 138 3 5 Ole Bremseth 136 6 6 Per Bergerud 129 7 Massimo Rigoni 125 8 Roger Ruud 112 2 9 Johan Sætre 100 10 Andreas Bauer 85 11 Manfred Deckert 80 2 12 Alfred Groyer 83 13 Olav Hansson 74 14 Andreas Felder 71 15 Matthias Buse 67 16 Josef Samek 63 17 Klaus Ostwald 55 1 18 Dag Holmen-Jensen 55 19 Kari Ylianttila 54 20 Pentti Kokkonen 50 21 Jeff Hastings 50 22 Hans Wallner 49 23 Christoph Schwarz 46 24 Ernst Vettori 41 25 Masahiro Akimoto 37

Kjelder Sportsboken 82-83. Sportsboken As/Hjemmets bokforlag As. 1982.

Kategori:Nordiske greiner 1982 Kategori:Sport i 1982