Hild Sofie Tafjord () er ein norsk musikar fødd i Langevåg.myspace.com/hildsofie Ho spelar valthorn, og nytter også ulike elektroniske instrument og datamaskin. Tafjord er kjend frå fleire grupper og innspelingar, særleg innan eksperimentell elektronika og jazz.

Hild Sofie Tafjord studerte ved Toneheim folkehøgskole med blant anna Maja Ratkje, og blei deretter første med eksamen i valthorn frå Jazzlinja på Norges musikkhøgskole i 2001. Saman med Ratkje har ho spelt i kvartetten SPUNK med Lene Grenager og Kristin Andersen (frå 1995), duoen Fe-mail (frå 2000) og trioen Agrare (med dansaren Lotta Melin). I Slinger speler ho med Grenager og Lisa Dillan, og i Lemur speler ho med Grenager, Michael Francis Duch og Bjørnar Habbestad.

Ho har spelt mykje i duo med Håkon Kornstad og har samarbeidd med Zeena Parkins, Fred Frith, Ikue Mori og Matmos. Vidare har ho spelt i Crimetime Orchestra, No Spaghetti Edition og Norwegian Noise Orchestra. Av andre samarbeid kan ein nemna Kjetil Manheim frå Mayhem og Øyvind Berg.

Ho er dotter til jazztubaisten Stein Erik Tafjord og niese til hornisten Runar Tafjord.

Utgjevingar KAMA (Picadiscs, 2007) Breathing (+3 dB, 2014)

Samarbeid

Med «Rotoscope», mellom dei Andreas Mjøs, Jørgen Træen, Knut Aalefjær, Rune Brøndbo, Lars Horntveth, Rob Waring & Christine Sandtorv

2001: Great Curves (Jester Records), feat. Hild Sofie Tafjord & Marius Reksjø

Med Fe-mail og Carlos Giffoni

2006: Northern Stains (Important Records)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hild Sofie Tafjord» frå , den 19. januar 2021.

Kategori:Norske elektronika-musikarar Kategori:Norske hornistar Kategori:Norske jazzkomponistar Kategori:Norske jazzmusikarar Kategori:Folk frå Sula Kategori:Musikarar frå 2000-talet