Country Music Hall of Fame and Museum er ein amerikansk institusjon og museum for countrymusikk i Nashville i Tennessee. Museet har som primæroppgåve er å samla, verna om og tolka den historiske utviklinga og tradisjonane til countrymusikken. Country Music Hall of Fame er ei æresutnemning som kom i stand frå 1961, då countrylegendene Jimmie Rodgers, Fred Rose, Hank Williams blei utnemnde som dei første æresmedlemmene. Sidan har denne æresutnemninga blitt til ein årleg seanse, og i dag er ho rekna som den største ærestilvising ein kan få innan countrymusikken. I 2015 hadde museet over vitjande.

Country Music Hall of Fame and Museum Tidleg på 1960-talet avgjorde leiarane av Country Music Association (CMA) at dei trengte ein ny organisasjon til å ivareta og driva eit museum for countrymusikk og driva forsking og undervising kring sjangeren. Den ikkje-kommersielle organisasjonen Country Music Foundation (CMF) blei gjeven charter av staten Tennessee i 1964, for å samla, verna om og gje ut informasjon og gjenstandar med tilknyting til countrymusikken. Gjennom CMF blei det reist midlar til å byggja Country Music Hall of Fame and Museum, som blei innvigd den 1. april 1967.

Den opphavlege bygningen blei utvida i 1974, 1977, og 1984. I mai 2001 blei denne erstatta av eit nytt bygg på et nytt cirka . Dette blei vidare utvida til cirka i 2014. Museet inneheld blant anna plakettane over alle innvalde medlemmer i Country Music Hall of Fame, to teatersalar (CMA Theater med 776 sitjeplassar og Ford Theater med 213 sitjeplassar), fleire galleri og eit stort læresenter med fleire undervisingsrom.

Country Music Hall of Fame miniatyr|portrett|George Strait, «King of Country Music», utnemnd i 2006 Utnemningar til Country Music Hall of Fame byrja i 1961, då dei tre første blei tekne med. Selve utvelgelsen blir foretatt av ei anonym gruppe innen countrymusikkindustriern, utnevnt av CMA. Å bli utnemnd er rekna som ei stor ære innan countrymusikken, og blir berre gjeven til dei mest betydningsfulle innan denne musikksjangeren.

Personar og grupper som er blitt inkluderte i Country Music Hall of Fame under har kronologisk rekkefølgje.

1961 Jimmie Rodgers, Fred Rose, Hank Williams 1962 Roy Acuff 1964 Tex Ritter 1965 Ernest Tubb 1966 Eddy Arnold, Jim Denny, George D. Hay, «Uncle» Dave Macon 1967 Red Foley, J. L. Frank, Jim Reeves, Stephen H. Sholes 1968 Bob Wills 1969 Gene Autry 1970 Bill Monroe, Original Carter Family 1971 Arthur E. Satherley, Carson Robison 1972 Jimmie Davis 1973 Chet Atkins, Patsy Cline 1974 Owen Bradley, Pee Wee King 1975 Minnie Pearl 1976 Paul Cohen, Kitty Wells 1977 Merle Travis 1978 Grandpa Jones 1979 Hubert Long, Hank Snow 1980 Johnny Cash, Connie B. Gay, Original Sons of the Pioneers 1981 Vernon Dalhart, Grant Turner 1982 Lefty Frizzell, Roy Horton, Marty Robbins 1983 Little Jimmy Dickens 1984 Ralph Peer, Floyd Tillman 1985 Lester Flatt og Earl Scruggs 1986 Duke of Paducah 1987 Rod Brasfield 1988 Loretta Lynn, Roy Rogers 1989 Jack Stapp, Cliffie Stone, Hank Thompson 1990 Tennessee Ernie Ford 1991 Felice Bryant 1992 George Jones, Frances Preston 1993 Floyd Cramer, Willie Nelson 1994 Merle Haggard 1995 Roger Miller, Jo Walker-Meador 1996 Patsy Montana, Buck Owens, Ray Price 1997 Harlan Howard, Brenda Lee, Cindy Walker 1998 George Morgan, Elvis Presley, E. W. «Bud» Wendell, Tammy Wynette 1999 Johnny Bond, Dolly Parton, Conway Twitty 2000 Charley Pride, Faron Young 2001 Bill Anderson, Delmore Brothers, Everly Brothers, Don Gibson, Homer and Jethro, Waylon Jennings, The Jordanaires, Don Law, Louvin Brothers, Ken Nelson, Webb Pierce, Sam Phillips 2002 Bill Carlisle, Porter Wagoner 2003 Floyd Cramer, Carl Smith 2004 Kris Kristofferson, Jim Foglesong 2005 Glen Campbell, DeFord Bailey, Alabama 2006 Harold Bradley, Sonny James, George Strait 2007 Ralph Emery, Vince Gill, Mel Tillis 2008 Tom T. Hall, Emmylou Harris, Statler Brothers, Ernest Stoneman 2009 Roy Clark, Barbara Mandrell, Charlie McCoy 2010 Jimmy Dean, Ferlin Husky, Billy Sherrill, Don Williams 2011 Bobby Braddock, Reba McEntire, Jean Shepard 2012 Connie Smith, Hargus «Pig» Robbins, Garth Brooks 2013 «Cowboy» Jack Clement, Bobby Bare, Kenny Rogers 2014 Ronnie Milsap, Mac Wiseman, Hank Cochran 2015 Grady Martin, The Oak Ridge Boys, Jim Ed Brown and The Browns 2016 Randy Travis, Charlie Daniels, Fred Foster 2017 Don Schlitz, Jerry Reed, Alan Jackson 2018 Johnny Gimble, Dottie West and Ricky Skaggs 2019 Ray Stevens

Sjå òg Gospel Music Hall of Fame Rock and Roll Hall of Fame

Kjelder CMHF (2017) Inductees list . Country Music Hall of Fame and Museum, Nashville, Tennessee. Besøkt 2017-08-12

CMHF (2017b) About . Country Music Hall of Fame and Museum, Nashville, Tennessee. Besøkt 2017-08-12

CMHF (2017c) Election process . Country Music Hall of Fame and Museum, Nashville, Tennessee. Besøkt 2017-08-12

John Rumble (2009) Country Music Foundation, Tennessee Encyclopedia of History and Culture ver. 2.0. Besøkt 2017-08-12

Denne artikkelen bygger på «Country Music Hall of Fame and Museum» frå , den 18. januar 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Museum i Tennessee Kategori:Nashville Kategori:Skipingar i 1961