Buskhokko (Ortalis guttata) er ein medlem av hokkofamilien som lever i vestlege til sørlege område av Amazonasbassenget i Sør-Amerika.

Skildring Dette er ein liten til mellomstor hokko, ca. 49-55 centimeter i kroppslengd. Fjørdrakta har brun overside som blir mørkare mot nakke og hovud, hals og bryst har små kvite flekker, undersida er lysare brun. Dei har ein raud naken hudsekk i strupeområdet. Nebbet er blåleg, beina er rosa.

Utbreiingsområdet for nominatforma er i Colombia frå søraustlege Boyacá-departementet og sørover aust for Andesfjella, i Ecuador og Peru aust for Andes. Dessutan store delar av Bolivia nord for Cochabamba og i Amazonas i Brasil med nordgrense omtrent langs Rio Negro og Vaupés. Ein underart, O. g. remota finst i eit avgrensa isolert område sør i Brasil, i delstatane Mato Grosso do Sul, lengst aust, og i tilgrensande, nordre São Paulo.

Buskhokkoar lever i varierande typar av skog eller i utkanten av skog, og beitar ofte lågt i tre, skjult av lauvverk. Dei kan gå ned på bakken og meir sjeldan høgt opp i trekroner. Habitater er i lågland og for eksempel i Peru helst under 1700 moh. og under 1100 moh i Ecuador. I Ecuador er dei mest talrike med nærleik til vatn. Dei beitar i grupper på 4-6 fuglar og føda er ofte frukt.

Storleiken på populasjonen er ikkje estimert, men arten er klassifisert som globalt livskraftig, LC. Nominatforma er vanleg i delar av utbreiingsområdet, i alle landa.

Kjelder Referansar

Bakgrunnsstoff

kategori:hokkofamilien Kategori:Fuglar i regnskogen i Amazonas Kategori:Fuglar i Brasil Kategori:Fuglar i Bolivia Kategori:Fuglar i Colombia Kategori:Fuglar i Ecuador Kategori:Fuglar i Peru