Rekursivt akronym er eit akronym (initialord) der delar av akronymet viser til seg sjølv. Som regel nyttar det sjølve akronymet som første ord i frasen det er sett saman av.
Omgrepet blei innført av Douglas Hofstadter i 1979 som recursive acronym i bok Gödel, Escher, Bach: An Eternal Golden Braid, der han fann opp akronymet GOD med tydinga 'GOD Over Djinn' for å forklara uendelege seriar.
Rekursive akronym er ofte ein humoristisk definisjon av eit produkt eller eit føretak, og er i vid bruk i miljø for open kjeldekode.
Døme GNU: GNU’s Not Unix JACK: JACK Audio Connection Kit LAME: LAME Ain’t an MP3 Encoder LiVES: LiVES is a Video Editing System VISA: Visa International Service Association Wine: Wine Is Not an Emulator PHP: PHP Hypertext Preprocessor
Sjå òg Rekursjon Drosteeffekten
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rekursivt akronym» frå , og «Recursive acronym» frå den 9. januar 2021.
Bakgrunnsstoff Hill, Emerald (5. november 2011): «Gamle ord og uttrykk», Gamleord
Recursive Kategori:Ord og uttrykk Akronym Kategori:Språkleik