Daughter of Time er det fjerde studioalbumet til den engelske rockegruppa Colosseum, gjeve ut i 1970. Albumet låg fem veker på UK Albums Chart og nådde 23. plassen.Colosseum chart history, The Official Charts. Henta 3. januar 2021. Det vart spelt inn under ei endring i besetninga, og dei seks offisielle medlemmane speler berre alle i lag på eitt av dei åtte spora, «Three Score and Ten, Amen».
Mottaking
Allmusic gav albumet tre av fem stjerner og skreiv: «Musikken til Colosseum fungerer ekstremt bra til å byggje opp spaning og sular lyttaren inn i songane sine. Tekstane er nakne og illevarslande og har ein mellomaldersk smak, og passar perfekt til musikken. Kvar song, alle kring seks minuttar lange, kunne ha vore litt lengre for å la instrumenta få spele meir ut. »
Innhald
Medverkande Mark Clarke - bassgitar (på 1,5,7) Dave «Clem» Clempson - gitar, solovokal på 3 Chris Farlowe - solovokal (på 1,2,4,5,7) Louis Cennamo - bassgitar (på 2,3,4,6) Dave Greenslade - orgel, piano, vibrafon, korvokal Dick Heckstall-Smith - sopran- og tenorsaksofon, snakking på spor 1 Jon Hiseman - trommer, perkusjon Tony Reeves - bassgitar på 8 [ikkje oppført] Barbara Thompson - fløyte; alt-, sopran-, tenor- og barytonsaksofon; korvokal (på 1,2,3,4)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Daughter of Time» frå , den 5. januar 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Colosseum-album Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Vertigo Records-album Kategori:Dunhill Records-album Kategori:Bronze Records-album Kategori:Album produserte av Gerry Bron