The Grass Is Greener er det tredje studioalbumet til den engelske gruppa Colosseum, gjeve ut i januar 1970. I motsetnad til dei andre albuma deira, vart The Grass Is Greener berre gjeve ut i USA, på etiketten Dunhill, distribuert av ABC. I USA var det gjeve ut som eit eit alternativ til Valentyne Suite frå november 1969, og plateomslaget var ein blågrøn variant av omslaget til denne plata. Det inneheld fire spor spelte inn med den då nye gitaristen og vokalisten Dave «Clem» Clempson vinteren 1969 («Jumping Off The Sun», «Lost Angeles», «Rope Ladder To The Moon», «Bolero»); tre spor frå albumet Valentyne Suite, men med vokal og gitar av Clempson («Butty's Blues», «The Machine Demands a Sacrifice» og «The Grass Is Greener») i staden for James Litherland; og eitt spor «Elegy», som er identisk til utgåva på Valentyne Suite, med vokalen til Litherland. Innspelinga vart ommastra og gjeven ut som ei bonusplate i 2003 på luksusutgåva av Valentyne Suite.
Innhald
Medverkande Dave Greenslade - orgel, klaverinstrument, vokal Dick Heckstall-Smith - saksofon Jon Hiseman - trommer Dave «Clem» Clempson - gitar, vokal Tony Reeves - bass James Litherland - vokal (på «Elegy»)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Grass Is Greener (album)» frå , den 3. januar 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Colosseum-album Kategori:Dunhill Records-album Kategori:Album produserte av Gerry Bron