Belladonna var det første soloalbumet til den britiske trompetisten Ian Carr, gjeve ut i 1972 på Vertigo Records.
Bandet til Ian Carr, Nucleus, hadde spelt inn tre album i 1970 og 1971, og då medlemmane Chris Spedding, Jeff Clyne, Karl Jenkins og John Marshall slutta, dei to sistnemnde for å bli med i Soft Machine, vart bandet oppløyst. Belladonna vart då spelt inn med berre Carr og det einaste andre attverande medlemmet frå bandet, saksofonisten Brian Smith. Carr fekk med seg gitaristen Allan Holdsworth på gitar, Clive Thacker på trommer, Roy Babbington på bass, Dave McRae og Gordon Beck på elektrisk piano og Trevor Tomkins på perkusjon. Alle desse, utanom Holdsworth, vart med i eit sameina Nucleus for albumet Labyrinth året etter, så albumet vert stundom rekna med som ein del av diskografien til Nucleus.
Albumet vart spelt inn i juli 1972 i Phonogram Studios i London.
Innhald
Medverkande
Ian Carr - trompet og flygelhorn Brian Smith - tenor- og sopransaksofon, altfløyte, bambusfløyte Allan Holdsworth - gitar Roy Babbington - bassgitar Clive Thacker - trommer Dave MacRae - Fender elektrisk piano Gordon Beck - Hohner elektrisk piano (spor 1, spor 4-6) Trevor Tomkins - perkusjon (spor 1, 3, 4)
Teknisk Jon Hiseman - produsent Roger Wake - lydteknikar Peter G. Gallen - miksing og mastering i Lansdowne Studios Denise Valentine - design
Kjelder
Kategori:Ian Carr-album Kategori:Nucleus-album Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Vertigo Records-album