Verdscupen i langrenn for menn i 1996-sesongen omfatta 16 individuelle tevlingar og 6 stafettar. Tevlingane tok til 26. november 1995 og vart avslutta 16. mars 1996. Dei 16 individuelle renna bestod av tre tevlingar over 10 kilometer, sju over 15 km, tre tremiler og to femmiler, samt eit sprintrenn over 1,15 km. Sprintrennet var den aller fyrste tevlinga på distansen i verdscupen. Ei tevling der norske Tor Arne Hetland slo tyske Peter Schlickenrider i finalen.
Renna fann stad i Vuokatti og Lahti (2) i Finland]], Gällivare og Falun (2) i Sverige, Davos (2) i Sveits, Brusson og Santa Caterina (2) i Italia, Štrbské Pleso i Slovakia, Nové Město na Moravě (2) i Tsjekkia, Seefeld (2) i Austerrike, Reit im Winkl i Tyskland, Kavgolovo i Russland, Trondheim (2) og Oslo (2) i Noreg.
Norske Bjørn Dæhlie forsvarte topplassen og sikra seg sin fjerde FIS-pokal. Han og andremann Vladimir Smirnov frå Kasakhstan vann begge seks renn. Nordmennene Erling Jevne og Tor Arne Hetland gjekk til topps i kvar si tevling, også russiske Aleksej Prokurorov og finske Jari Isometsä vann ei tevling kvar.
Individuelt Plass Utøvar Land Poeng 1 Bjørn Dæhlie 1110 2 Vladimir Smirnov 1034 3 Jari Isometsä 617 4 Aleksej Prokurorov 544 5 Silvio Fauner 508 6 Fulvio Valbusa 482 7 Mikhail Botvinov 401 8 Thomas Alsgaard 353 9 Torgny Mogren 312 Johann Mühlegg 312 11 Anders Eide 286 12 Vegard Ulvang 253 13 Anders Bergström 252 14 Mika Myllylä 238 15 Erling Jevne 220 16 Niklas Jonsson 218 17 Markus Gandler 178 Sami Repo 164 19 Sergej Tsjepikov 164 20 Sture Sivertsen 158 21 Harri Kirvesniemi 149 22 Giorgio Di Centa 142 23 Markus Hasler 138 24 Henrik Forsberg 134 Alois Stadlober 134
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «1995–96 FIS Cross-Country World Cup» frå , den 23. desember 2020.
Kategori:Nordiske greiner 1996