Take No Prisoners er det fjerde studioalbumet til det amerikanske southern rock-bandet Molly Hatchet, gjeve ut i 1981. Dette er det andre og siste studioalbumet dei gav ut med songaren Jimmy Farrar og det siste med den originale bassisten Banner Thomas. Det var òg det siste med trommeslagaren Bruce Crump før The Deed Is Done i 1985. «Respect Me in the Morning» er ein duett mellom Farrar og Joyce «Baby Jean» Kennedy frå Mother's Finest. Skosdepelarinna Katey Sagal song òg som korsongar på albumet.
Allmusic skreiv om albumet: «Molly Hatchet brenn over eit rock & roll-landskap med nok eit southern rock/hardrock-sett, og dei hyllar til og med 50-talet med ein cover av 'Long Tall Sally'. Likevel ser ikkje bandet ut til å kunne gjenskape intensiteten i dei første par utgjevingane.»
Innhald
Medverkande Molly Hatchet Jimmy Farrar - vokal Dave Hlubek - gitar, slidegitar Steve Holland - gitar Duane Roland - gitar, slidegitar Banner Thomas - bass Bruce Crump - trommer
Andre medverkande Jai Winding - keyboard Paulinho da Costa - conga Tom Werman - perkusjon Tower of Power - blåsarar på «Bloody Reunion» og «Lady Luck» Mindy Sterling, Laurie Bono, Katey Sagal - korvokal Joyce 'Baby Jean' Kennedy - ekstra vokal på «Respect Me in the Morning»
Produksjon Tom Werman - produsent Gary Ladinsky - lydteknikar, miksing Cary Pritkin - assisterande lydteknikar George Marino - mastering i Sterling Sound i New York
Salslister
Album ÅrListePlassering1982Billboard 200 (USA)36
Singlar ÅrSingelListePlassering1982«Power Play»Billboard Hot 100 (USA)96«Bloody Reunion»Hot Mainstream Rock Tracks (USA)31«Lady Luck»46
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Take No Prisoners (Molly Hatchet album)» frå , den 22. desember 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Molly Hatchet-album Kategori:Musikkalbum frå 1981 Kategori:Album produserte av Tom Werman Kategori:Epic Records-album