Tiltaleform er ord og vendingar ein brukar for å retta seg til og snakka med personar. Dette kan vera ulike personlege pronomen, titlar og frasar. Tiltaleformer kan brukast til å uttrykka ulike grader av nærleik, respekt og rang mellom personar.
På nynorsk bruker ein gjerne tiltaleformene «du» for ein og «de» for fleire personar og «De» som ei høfleg form ved sjeldne høve. I dansk-norsk kultur byrja ein på 1600- og 1700-talet å bruka «han» og «ho» («hun») som tiltaleformer, etter mønster frå tysk. Seinare blei De, Dem og Deres eller «De» og «Dokkar/Dykkar» meir utbreidd.
Ein kan også nytta relasjonsnemningar (som mor, far, tante, morfar) eller titlar (rektor, professor, doktor) som tiltaleformer, evntuelt saman med namne til personen ein tiltalar. Ulike tiltaleformer er knytte til ulike titlar knytte til embete eller rang. Ofte kan desse også ha ei liknande omtaleform, som ein bruker når ein snakkar om personen. Tiltaleformer har ofte bakgrunn i lov eller sedvane, og er gjerne knytt til monarki, adel og styresette. Dei blir nytta for presidentar i republikkar, og i mange land for parlamentsmedlem, dommarar og høgare embetsmenn. Geistlege leiarar har også tiltaleformer.
Døme
Geistlege
Dykkar nåde
Rettsvesen
Høgsteretten: Høgst velvørde rett, øvste dommarane i riket Andre domstolar: Vørde rett, ev. vørde lagmannsrett o.l.
Monarki
Konge: Herre Konge, Dykkar/Dokkar Majestet (omtale Hans Majestet (H.M.),Hans Majestet Kongen, Hans Majestet kong [namn], kongen, kong [namn] ) Konge og dronning: Dykkar/Dokkar Majestetar (omtale Dei Høgvørde Kongelege) Kronprins og kronprinsesse: Høgvørde/Høgvyrde Kronprins/Kronprinsesse (omtale Dei Høgvørde Kongelege (DD.HH.KK.), Den Høgvørde Kronprinsen/Kronprinsesse) Prins og prinsesse: Høgvørde/Høgvyrde Prins/Prinsesse, prins/prinsesse [namn] (omtale Den Høgvørde Prinsen/Prinsessa, prinsen/prinsessa)
Republikkar
President: Dykkar Eksellense (omtale Hans/Hennar Eksellense, forkorting H.E.), regjeringsmedlemmer og ambassadørar
Storbritannia
The Most Honourable (forkorta The Most Hon.) – markiar The Right Honourable (forkorta The Rt. Hon.) – medlemm av Det kongelege rådet The Honourable (forkorta The Hon.) – parlamentarikarar som ikkje er medlem av Det kongelege rådet My Lord/Lady, Your Lordship/Ladyship (Min Herre/Frue) – baronar og baronesser, jarlar (grevar) og grevinner, markiar og markiser. Your Grace (Dykkar Nåde) – hertugar og hertuginner som ikkje er del av kongefamilien. Sir/Dame [fornamn] – riddarar og baronettar/baronettesser.
USA
The Honorable (forkorta The Hon.; tiltale: Your Honor) – dommarar, borgarmeisterar, regjeringsmedlemmer, tidlegare presidentar Hans/Hennar Eksellense (forkorta H.E.; tiltale: Dykkar Eksellense) – guvernøren i Massachusetts og Connecticut
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Tiltaleform» frå , den 17. desember 2020.
Kategori:Titlar Kategori:Kommunikasjon Kategori:Skikk og bruk Kategori:Sosiolingvistikk