Blackburn Rovers Football Club er ein engelsk fotballklubb som spelar i Football League Championship (2. nivå). Klubben vart stifta i 1875, og var ein av dei 12 klubbane som starta The Football League i 1888. «Rovers», som er kallenamnet til Blackburn, spelar heimekampane sine på Ewood Park i Blackburn. Byen Blackburn ligg i den engelske regionen Nordvest-England, omtrent fire mil nord for Manchester.
Historie Rundt hundreårsskiftet var Blackburn blant dei største i England.
Etter 1930 gjekk det lenger tid mellom dei store triumfane, heilt til pengesterke Jack Walker dukka opp på byrjinga av 1990-talet. Han hadde opparbeidd seg ei formue i stålindustrien, og brukte på sine eldre dagar denne til å støtte klubben han elska. Dette gjorde at Blackburn i 1992 rykte opp i øvste divisjon, etter at Liverpool-legenda Kenny Dalglish hadde overteke manageransvaret, og med hjelp av ein målfarleg Alan Shearer vann klubben sitt tredje ligagull i 1995.
Men berre fire år seinare rykte dei ned, etter mange feilslåtte spelarkjøp. To sesongar vart spelte i fyrste divisjon, før klubben i 2001 rykte opp att, denne gongen med Graeme Souness ved roret. Året etter vann klubben ligacupen, etter å ha slege Tottenham 2-1 i finalen på Millennium Stadium i Cardiff.
Den beste sesongen til klubben etter opprykket har førebels vore 2002/2003-sesongen, då det vart 6. plass og kvalifikasjon til UEFA-cupen.
I dag er det den tidlegare Manchester United-helten Mark Hughes som er manager i Blackburn. Han trekte seg som landslagssjef for Wales for å kunne ta jobben. Hughes spela i klubben frå 2000 til 2002, og fekk med seg opprykk og ligacupsiger.
Meritt TROFE ANTAL ÅR Ligameister 2 1911/12, 1913/14 Premier League 1 1994/95 FA-cupen 6 1884, 1885, 1886, 1890, 1891, 1928 Ligacupen 1 2002 FA Charity Shield 1 1912 Full Members Cup 1 1987 FA Youth-cup 1 1959
Vinnar av 2. divisjon: 1938/39. Vinnar av 3. divisjon: 1974/75. Finalist i FA-cupen: 1882 og 1960.
Nordmenn i Blackburn Rovers Blackburn har hatt fleire kjende nordmenn i stallen. I tillegg til Henning Berg og Morten Gamst Pedersen, har Lars Bohinen, Tore Pedersen, Egil Østenstad, Stig Inge Bjørnebye, Martin Andresen og Joshua King alle spela for Blackburn.
Blackburns-managerar ManagerPeriodeThomas Mitchell1884–1896J. Walmsley1896–1903R. Middleton1903–1925Jack Carr1925–1926Bob Crompton1926–1930Arthur Barritt1931–1936Reg Taylor1936–1938Bob Crompton1938–1941Eddie Hapgood1944–1947Will Scott1947Jack Bruton1947–1949Jackie Bestall1949–1953ManagerPeriodeJohnny Carey1953–1958Dally Duncan1958–1960Jack Marshall1960–1967Eddie Quigley1967–1970Johnny Carey1970–1971Ken Furphy1971–1973Gordon Lee1974–1975Jim Smith1975–1978Jim Iley1978John Pickering1978–1979Howard Kendall1979–1981Bobby Saxton1981–1986ManagerPeriodeDon MacKay1987–1991Kenny Dalglish1991–1995Ray Harford1995–1997Roy Hodgson1997–1998Brian Kidd1998–1999Tony Parkes1999–2000Graeme Souness2000–2004Mark Hughes2004–2008Paul Ince2008Sam Allardyce2008–2010Steve Kean 2010–2012Henning Berg2012ManagerPeriodeMichael Appleton2013Gary Bowyer2013–2015Paul Lambert2015–2016Owen Coyle2016–2017Tony Mowbray2017–
Bakgrunnsstoff Den offisielle heimesida til klubben brscn.com Blackburn sin norske supporterklubb
Kategori:Engelske fotballag Kategori:Blackburn Kategori:Skipingar i 1875