Andungen Kvakk-kvakk (originaltittel Quaq Quao) er ein italiensk animasjonsfilmserie for barn som først gjekk på TV frå midten av 1970-åra. Ein brukte origami til å forma figurane og kulissane i serien, det vil seia at dyr og kulissar var bretta i papir. Kvar episode varer i rundt fem minutt.
Kjenningsmelodien blei populær, og finst på fleire samlealbum med barnesongar både i Noreg og i andre land.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Andungen Kvakk-kvakk» frå , den 7. desember 2020.
Kategori:Italienske fjernsynsseriar Kategori:Animerte barneseriar Kategori:Fjernsynsseriar frå 1970-åra Kategori:TV-produksjonar på RAI Kategori:Italienske barneseriar Kategori:Italienske komiseriar Kategori:Origami