Living in the USA er det niande studioalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt, gjeve ut i 1978. Det var det tredje (og siste) av albuma til Ronstadt som nådde toppen av Billboard-lista. Som eit mål på kor populær Ronstadt var på denne tida gjorde framsida av plateomslaget, der ho var fotografert i rulleskeiser og treningstøy til at det vart ein merkbar auke i populariteten til rulleskeiser i USA på denne tida.
Utgjeving Albumet kom opphavleg ut på Asylum i september 1978. I 1990 gav Asylum ut albumet på kassett og CD.
I tillegg til den vanlege utgåva frå 1978 kom det ei samlarutgåve i raud vinyl, i tillegg til ei biletplate med bilete av Ronstadt som knyter rulleskeisene sine.
Den første singelen frå albumet var Chuck Berry-songen «Back in the USA», som nådde 11. plassen på Cash Box Top 100 og 16. plassen på Billboard Hot 100. Den største suksessen frå albumet var Smokey Robinson-songen «Ooh Baby Baby» (med altsaksofon av David Sanborn) som nådde sjuandeplassen på poplista og andreplassen på Easy Listening-lista, i tillegg til at han gjekk inn på både country- og soullistene. «Just One Look» og «Alison» vart seinare hittar for Ronstadt òg, medan «All That You Dream» og Warren Zevon-songen «Mohammed's Radio» var populære på album-orientert radio.
Sjølv om han ikkje kom ut på singel, vart versjonen til Ronstadt av «Love Me Tender» redigert saman med originalversjonen til Elvis Presley, og denne kunstige duetten vart spelt mykje på radio på denne tida.
Mottaking Albumet fekk stort sett positive meldingar då det kom ut.
Ronstadt si utgåve av Elvis Costello sin «Alison» vart kritisert av Costello sjølv då han høyrde versjonen hennar, sjølv om han innrømde at han «likte pengane». Ronstadt fekk manageren sin til å kontakte Costello og spurte om han hadde andre songar ho kunne spele. Han svarte med å sende ho tre songar som ho spelte inn for det neste albumet. Costell kom igjen med negative kommentarar om versjonane hennar, men har i seinare år rost Ronstadt og unnskylda dei krasse kommentarane han ein gong kom med.https://www.elviscostello.com/#!/news/298768
Innhald
Medverkande Linda Ronstadt – solovokal, korvokal (3, 5, 9) Dan Dugmore – elektrisk gitar (1, 3, 7) pedalsteelgitar (4-6, 8-9) Waddy Wachtel – elektrisk gitar (1, 3-8), korvokal (1, 6, 10), akustisk gitar (9, 10) Don Grolnick – akustisk piano (1, 2, 3, 5, 7, 8, 9) elektrisk piano (4, 5, 6), orgel (5, 10) Kenny Edwards – bassgitar (1, 3-9), korvokal (1, 3, 9) Russ Kunkel – trommer (1, 3-9), conga (5, 9) Mike Mainieri – vibrafon (2), arrangement (2) Peter Asher – korvokal (1), kubjølle (3, 9), tamburin (3, 6, 9), shaker (6), kanebjøller (6) David Sanborn – altsaksofon (4, 7) Pat Henderson – korvokal (3, 8) Sherlie Matthews – korvokal (3, 8) Andrew Gold – korvokal (4) Jim Gilstrap – korvokal (7) John Lehman – korvokal (7) David Lasley – korvokal (9) Arnold McCuller – korvokal (9)
Produksjon Peter Asher – produsent Val Garay – innspeling, miksing George Ybarra – innspelingsassistent, mikseassistent Jan Michael Alejandro – teknikar Harold Jones – teknikar Doug Sax – mastering i The Mastering Lab (Hollywood i California). Kosh – kunstnarisk leiar, design Jim Shea – fotografi
Salslister
Vekeslister Liste (1978–79)PlasseringAustralia (Kent Music Report) 3Den kanadiske albumlista9Den nederlandske albumlista19Den franske SNEP-listaNote: user must select 'Linda RONSTADT' from drop-down19Den japanske Oricon-lista23Den newzealandske albumlista3Den svenske albumlista37UK Albums Chart39U.S. Billboard Pop Albums1U.S. Billboard Country Albums3
Årslister Liste (1978) PlasseringDen australske albumlista23Den kanadiske albumlista79 Liste (1979) PlasseringU.S. Billboard Pop Albums41
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Living in the USA» frå , den 5. desember 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:Linda Ronstadt-album Kategori:Album produserte av Peter Asher Kategori:Asylum Records-album Kategori:Rhino Records-album