Paal O. Aukrust, òg omtalt som Pål Aukrust () var ein norsk gardbrukar i Lom, og ein sentral kommunepolitikar i bygda i fleire periodar. Han vart vald inn i kommunestyret i 1909, 26 år gammal. Aukrust vart ordførar for Nasjonal Samling i 1940. I 1951 vart han på nytt vald som ordførar i bygda. I tillegg hadde han mange verv i ymse lag og organisasjonar i bygda. At han med bakgrunn som NS-ordførar vart attvald allereie i 1951, viser at han hadde ein svært spesiell posisjon i Lom. Han var onkel til forfattaren Kjell Aukrust.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Paal O. Aukrust» frå , den 29. november 2020.
Litteratur
Olstad, Kristian Walberg (2015). Tidligere NS-ordfører gjenvalgt i Lom etter krigen. NS-regimet i Lom, overgangen fra okkupasjon til demokrati og resosialiseringen av landssvikdømte (Masteroppgåve i historie). Universitetet i Oslo.
Kategori:Folk frå Lom