mini|Julemesse avbilda i Les Très Riches Heures du duc de Berry frå 1410-talet. Dei tolv juledagane er ein del av kyrkjeåret i dei fleste kristne kyrkjene. I mange vestlege kyrkjer dekkjer omgrepet same tidsrom som julekrinsen, frå juledagen 25. desember til og med heilagetrekongarsaftan 5. januar. For mange kyrkjesamfunn (som den anglikanske og den lutherske kyrkja) er dei tolv dagane identisk med juletida, men for andre, som den katolske kyrkja, varer kyrkjetida lengre enn dei tolv dagane.Bl. Pope Paul VI, Universal Norms on the Liturgical Year, #33 (14 February 1969)
I 567 fastla kyrkjemøtet i Tours dei tolv juledagane som ei heilag høgtid til å feira, med faste i advent som ei plikt for å førebu seg til feiringa. Ifølgje historikarar som Christopher Hill og William J. Federer blei dette gjort for å koordinera bruken av den julianske kalenderen i det vestlege Romarriket med dei månebaserte kalendrane ein nytta i dei austlege provinsane av riket.
Kyrkjemøtet merka seg at dagane mellom fyrste juledag og Kristi openberringsdag alle var festdagar for ulike helgenar, slik at munkar ikkje trengte fasta på desse dagane. Dei fyrste tre dagane av året skulle vera fylt av bøn og soning, slik at truande kristne skulle la vera å ta del i dei ville og heidenske markeringane av nyttårfeiringa. Det fjerde kyrkjemøtet i Toledo i 633 gjekk inn for ein streng faste i desse dagane, lik fastetida før påske.Christopher Labadie, "The Octave Day of Christmas: Historical Development and Modern Liturgical Practice" i Obsculta, vol. 7, nr. 1, art. 8, s. 89Adolf Adam, The Liturgical Year (Liturgical Press 1990 ), s. 139
mini|'Tolvte natta (kongen drikk') av David Teniers ca. 1634-1640 I England i mellomalderen var dette ein periode av uavbroten festing, med eit klimaks på den tolvte dagen, Twelfth Night, som tradisjonelt markerte enden på juletida. I tudortida blei denne siste dagen kulturlet befesta då William Shakespeare brukte han som bakgrunn for eit av dei best kjende stykka sine, Twelfth Night. Ofte blei det vald ut ein Lord of Misrule til å leia julefeiringa. Bartleby.com Julesongen «Twelve Days of Christmas» viser også til desse dagane.
Sjå òg
Romjul
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jultolften» frå , den 26. november 2020.
Denne artikkelen bygger på «Twelve Days of Christmas» frå , den 27. november 2020.
Kategori:Kyrkjeåret Kategori:Jul Kategori:Talet 12