Valentigney er ein kommune i departementet Doubs i regionen Bourgogne-Franche-Comté i Aust-Frankrike. Kommunen ligg i kantonen Valentigney som tilhøyrar arrondissementet Montbéliard. I 2017 hadde han 10 714 innbyggjarar.

Valentigney er best kjent som staden der Peugeot starta verksemda si. Byen er eit knutepunkt for utviklinga av fransk bilindustri (fleire medlemmer av Peugeot-familien bur framleis i område) og flyindustri (med Étienne Œhmichen).

I løpet av 1800-talet og tidleg på 1900-talet emigrerte mange frå Valentigney og nærliggande område, som Montbéliard til Nordvest-Ohio, spesielt Williams County.

Namn Namnet Valentigney [valɑ̃tiˈɲe:] kjem frå førenamnet Valentin og suffikset -ey og er skrive som valentinié i eit manuskript frå 1135 ved klosteret Belchamp.

Innbyggjarane vert på fransk kalla Boroillots. kalla opp etter dei spesielle små fata eller tønnene, boroilles, som vart produserte lokalt.

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Valentigney» frå , den 24. november 2020.

Kategori:Kommunar i Doubs