David John Matthews () er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, musikar, skodespelar og plateselskapseigar,Tavis Smiley on PBS mest kjend som solovokalist, låtskrivar og gitarist i Dave Matthews Band (DMB). Matthews vart fødd i Johannesburg og flytta ofte mellom Sør-Afrika, Storbritannia og USA i oppveksten. Matthews byrja å spele akustisk gitar då han var ni år gammal.
Frå 1991 til 2003 fokuserte Matthews hovudsakleg på låtskriving og speling med Dave Matthews Band, som han skipa i Charlottesville i Virginia i 1991. Sidan den gongen har han òg spelt mykje solo og produsert andre sine plater. I perioden frå 2000 til 2010 selde bandet hans fleire billettar enn nokon andre band i Nord-Amerika. Albumet Away from the World i 2012 gjorde dei til den einaste gruppa som har hatt seks studioalbum på rad på toppen av Billboard-lista i USA. Denne rekorden vart forlenga til sju plater på rad med albumet Come Tomorrow i 2018.
I tillegg til musikk har Matthews vore skodespelar. Han har òg vunne to Grammy-prisar: ein med Dave Matthews Band i 1997 for beste rockesong av duo eller gruppe («So Much to Say») og ein i 2004 for beste mannlege rockevokal («Gravedigger») frå soloalbumet hans.
Diskograif
Studioalbum Some Devil (2003) Imagine We Were (2005) – som Tribe of Heaven; opphavleg spelt inn i 1989
Konsertalbum Live at Sweet Briar College (2016); spelt inn i 1996
Konsertalbum med Tim Reynolds Live at Luther College – (1999) Live at Radio City – (2007) DMBLive. Prism Coffeehouse, Charlottesville, VA (04.22.1993) – (2008) DMBLive. Appalachian State University, Boone, NC (03.29.2003) – (2008) Live in Las Vegas – (2010) Live Trax Vol. 23 Whittemore Center Arena, Durham, NH (02.19.96) – (2012) Live Trax Vol. 24 Spartanburg Memorial, Spartanburg, SC (02.08.97) – (2012) DMBLive. Memphis, Richmond, VA (06.13.1993) – (2012) DMBLive. J.T. Kingsbury Hall, Salt Lake City, UT (03.03.1999) – (2014)
Singlar År Singel Listeplasseringar Album US Mod US Adult US Pop 2003 «Gravedigger» 35 35 — Some Devil «Save Me» — 26 — 2004 «Oh» — — — 2007 «Eh Hee» — — 73 Live at Radio City «—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista
Gjestesinglar År Singel Artist Listeplassering Album US Country US CAN 2009 «I'm Alive»A Kenny Chesney 6 32 73 Greatest Hits II
Samarbeid «Eleanor» and «See Jane» (1994), frå Shannon Worrell-albumet Three Wishes «Communication» and «Trouble and Strife» (1998), frå Béla Fleck and the Flecktones-albumet Left of Cool «Love Of My Life» (1999), frå Santana-albumet Supernatural av Santana «My Antonia» (2000) frå Emmylou Harris-albumet Red Dirt Girl, der Matthews song duett på ein av songane hennar. «For You» (2002) frå We Were Soldiers med Johnny Cash «Iwoya» (2002) frå Angélique Kidjo-albumet Black Ivory Soul «Joyful Girl» (2002) frå Soulive-albumet Next «Sing Along» (2003) frå Blue Man Group-albumet The Complex med musikkvideo «Tremendous Brunettes» (2005) frå Mike Doughty-albumet Haughty Melodic «Love Is The Only Way» (2006) frå Robert Randolph and the Family Band-albumet Colorblind «Work It Out» produced by DJ Nu-Mark (2006) frå Jurassic 5-albumet Feedback «Fat Man in the Bathtub» (2008) frå Little Feat-albumet «Join the Band» «I'm Alive» (2008) frå Kenny Chesney-albumet Lucky Old Sun «Mamma Boulet» (2008) frå Dave Grant-albumet «Bubbalon by Bass» «Caveman», «Sleep» & «Overdue» (2009) frå Danny Barnes-albumet «Pizza Box» «Tomorrow Never Knows» (2010), frå Herbie Hancock-albumet The Imagine Project «You Should Know Me», «Oh, Bangladesh» & «And He Slayed Her» (2010) frå Liz Phair-albumet Funstyle «All the Same»(2011) frå Vieux Farka Touré-albumet – The Secret «A Pirate Looks at Forty» (2012) med Jack Johnson og Tim Reynolds, frå konsertalbum Jack Johnson and Friends – Best of Kokua Festival «Walk of Shame» (2012) med Jimmy Fallon, frå komirock-albumet Blow Your Pants Off «Take Me to Tomorrow» (2013) frå John Denver-hyllestalbumet – The Music Is You: A Tribute To John Denver «Forsaken Savior» (2013) frå Gov't Mule-albumet Shout!
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dave Matthews» frå , den 22. november 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske plateprodusentar Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:USA-amerikanske rockesongarar Kategori:Dave Matthews Band-medlemmar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Folk frå Johannesburg Kategori:Sørafrikansk-amerikanarar