Anna McGarrigle () er ein kanadisk visesongar og låtskrivar, som spelte mykje i lag med systera Kate McGarrigle, som døydde i 2010.

I 1960-åra etablerte dei to systrene seg i visemiljøet i Montreal, medan dei framleis gjekk på skulen. Frå 1963 til 1967 slo dei seg saman med Jack Nissenson og Peter Weldon og skipa visegruppa Mountain City Four. Systrene skreiv, spelte inn og framførte musikk dei neste 30-40 åra, i lag med ei rekkje andre artistar, som Chaim Tannenbaum og Joel Zifkin.

McGarrigle var òg låtskrivar. Songen hennar «Heart Like a Wheel» var tittelsporet på Linda Ronstadt-albumet frå 1974, og songen hennar «Cool River» vart spelt inn av Maria Muldaur.«Heart Like A Wheel». Rolling Stoone, 16. januar 1975, By Stephen Holden

I 2016 skreiv Anna og den eldre systera Jane ei bok i lag, Mountain City Girls.«Jane and Anna McGarrigle talk sisterhood». Homerun, CBC Radio, Mar 16, 2016

Diskografi Kate & Anna McGarrigle (1976) Dancer with Bruised Knees (1977) Pronto Monto (1978) Entre Lajeunesse et la sagesse (1980) Love Over and Over (1982) Heartbeats Accelerating (1990) Matapédia (1996) The McGarrigle Hour (1998) La vache qui pleure (2003) The McGarrigle Christmas Hour (2005) ODDiTTiES (2010) Tell My Sister (2011) Sing Me the Songs: Celebrating the Works of Kate McGarrigle (2013)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Anna McGarrigle» frå , den 21. november 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Kanadiske visesongarar Kategori:Kanadiske låtskrivarar Kategori:Order of Canada Kategori:Musikarar frå Montreal