Light of the Stable er eit julemusikkalbum av Emmylou Harris. Det kom ut første gongen i 1979 på Warner Bros. Records men har sidan blitt gjeve ut fleire gonger med litt anna innhald opp gjennom åra. I 1992 kom ei ommastra utgåve med eit anna plateomslag. Den siste utgåva kom ut i 2004 på Rhino Records med tre ekstra spor i tillegg til dei opphavlege ti originale spora. Plateomslaget til denne utgåva kom frå den originale singelversjonen av «Light of the Stable» frå 1975. Tittelsporet vert sungen med harmonivokal av Neil Young, Dolly Parton og Linda Ronstadt.

Mark Deming i AllMusic gav albumet fire av fem stjerner og skreiv: «Emmylou Harris er ein artist med ei sjeldan form for røyst som kommuniserer på ein ærleg og menneskeleg måte, samstundes som røysta er krystallklår og nesten engleaktig. Kort fortalt er ho ein songar som vart fødd til å lage eit flott julealbum, og i 1979 gjorde ho akkurat det med Light of the Stable»

Gavin Edwards oppførte albumet på 19. plassen på Rolling Stone si liste over 40 essensielle julemusikkalbum. Han skreiv «Harris har alltid sunge som ein engel, og på dette albumet frå 1979 speler ho den parten.»

Innhald Originalutgåve

2004-utgåva

Medverkande Brian Ahern – akustisk gitar, perkusjon, 6-strengs bass Nancy Ahern – korvokal Mike Bowden – bass Brian Bowers – autoharpe Tony Brown – clavinet James Burton – elektrisk gitar Rodney Crowell – akustisk gitar Hank DeVito – pedalsteelgitar Emory Gordy jr. – bass Glen Hardin – piano Sharon Hicks – korvokal Albert Lee – mandolin Willie Nelson – korvokal Dolly Parton – korvokal Frank Reckard – elektrisk gitar Linda Ronstadt – korvokal Ricky Skaggs – banjo, mandolin, fiolin, akustisk gitar John Ware – trommer Cheryl Warren – korvokal Emmylou Harris – vokal, akustisk gitar

Salslister + Album – Billboard År Liste Plassering 1980 Billboard 200 102 1981 Top Country Albums 22

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Light of the Stable (album)» frå , den 14. november 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:USA-amerikanske julemusikkalbum Kategori:Emmylou Harris-album Kategori:Album produserte av Brian Ahern Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Rhino Records-album Kategori:Julemusikkalbum frå 1979 Kategori:Country-julealbum