mini|Den seinare Aleksandr I som tsarevitsj. Tsarevitsj er ein slavisk adelstittel gjeven til sonen av ein tsar. Tilsvarande kan dottera til ein tsar ha tittelen tsarevna.Bratberg, Terje. (15. februar 2009). Tsarevitsj. I Store norske leksikon. Henta 13. mai 2016.
På 1700-talet gjekk tittelen over til å vera offisiell tittel for eldstesonen til tsaren eller kronprinsen i Russland, medan tsesarevna var tittelen til kronprinsessa. Nemningane er ofte blitt forveksla, særleg i utanlandske kjelder. Aleksej Nikolajevitsj, kronprins av Russland var den siste som blei kalla tsarevitsj, sjølv om han faktisk var tsesarevitsj.
I kulturen mini|venstre|Tsarevitsj-egget. Ivan Tsarevitsj er eit typisk namn på helten i russiske eventyr.
Der Zarewitsch er ein operette av Franz Lehár som byggjer på eit skodespel av Gabriela Zapolska. Ho handlar om Aleksej Petrovitsj, sonen til Peter den store i eksil.
Tsarevitsj-egget er eit Fabergé-egg laga på oppdrag av tsarina Aleksandra til ære for tsarevitsj Aleksej Nikolajevitsj.
Sjå òg Dauphin Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tsarevitsj» frå , den 9. november 2020. Denne artikkelen bygger på «Tsarevich» frå , den 9. november 2020.
Kategori:Adelstitlar Kategori:Russiske ord og uttrykk Kategori:Russiske kongelege