Jaguaren (Panthera onca) er eit stort kattedyr som lever i heile Latin-Amerika. Han vert rekna som det amerikanske motstykket til leoparden, men er større og tyngre og manglar evna til å brøla.

mini|venstre|Jaguar i Argentina.

Ordet jaguar kjem frå tupi-guarani jaguara, eit namn som opphavleg blei brukt om alle store rovpattedyr.

Skildring Jaguaren liknar ein leopard, men er større og tyngre. Han er som regel gulbrun med svarte flekkar, er 110-190 cm lang og veg frå 55 til 120 kg. Heilt svarte jaguarar (pantrar finst òg.

Levevis thumb|right|Video av jaguarar i Brasil.

Jaguaren trivst best i tett vegetasjon med lett tilgang til vatn, men ein kan treffa på han i dei fleste biotopar i det store utbreiingsområdet, som går frå Mexico i nord til Patagonia i sør.

Kosthaldet til jaguaren består hovudsakleg av store til mellomstore pattedyr, fuglar og krypdyr. Han er òg flink til å fanga fisk. Jaguarar lever og jaktar åleine, og trass i at dei er dyktige klatrarar, fangar dei helst byttet sitt på bakken.

Jaguarar søker berre selskapet til artsfrendar i paringstida. Kvar ho føder mellom to og fire ungar, som veg opp mot ein kilo ved fødselen. Dei heldt seg med mora til dei vert kjønnsmogne i toårsalderen.

Kjelder

Verdens dyr, Cappelen 1985 Vår forunderlige verden, Skandinavisk Presse AS 1990

Denne artikkelen bygger på «Jaguar» frå , den 11. august 2006.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kattedyr Kategori:Tupianske ord og uttrykk