Pickin' & Fiddlin' er det tredje albumet til den amerikanske bluegrassgruppa The Dillards, spelt inn med den då unge felespelaren Byron Berline. Albumet er heilt instrumentalt, utan vokal. Gruppa var misnøgd med plateselskapet Elektra fordi dei kjende seg pressa frå selskapet om å ikkje fornye seg, som dei var i ferd med å gjere (og til slutt kom til å gjere på Wheatstraw Suite), og fordi dei ikkje syntest Elektra gjorde nok til å marknadsføre platene deira. The Dillards valde å spele inn eit heilt tradisjonelt album med Berline, som var ein ven av gruppa, fordi dei skulda Elektra eit album til. Rodney sa seinare «Det var ei plate me ikkje laga for nokon andre enn tradisjonalistane. Me vart hakka i bitar av dei. Så me sa 'Ok, til helvete med dykk karar, me skal lage eit album, og me skal spele det rett opp i ræva dykkar!,' så då gjorde me det.»
Innhald
Medverkande Byron Berline - fele Rodney Dillard - gitar Douglas Dillard - banjo Mitchell Jayne - bass Dean Webb - mandolin
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pickin' & Fiddlin'» frå , den 29. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1965 Kategori:Elektra Records-album Kategori:The Dillards-album