Beau Brummels '66 er det tredje studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Beau Brummels, og det første dei gav ut på Warner Bros. Records, utgjeve i 1966. Albumet består av tolv coverversjonar og ingen originalar. Autumn Records, som var det førre selskapet deira, hadde selt kontrakten til bandet til Warner Brothers tidleg i 1966. Warner Brothers kontrollerte derimot ikkje publiseringsrettane og fekk derfor bandet til å spele inn eit album med coversongar, mellom anna av artistar som The Beatles og Bob Dylan, og nyare hitsinglar av artistar som The Mamas & the Papas og Simon & Garfunkel. Solovokalisten Sal Valentino forklarte: «Då me kom til Warner Brothers ønskte dei å få ut ei plate kjapt, for å utnytte suksessen me hadde hatt. Den plata var feil å gjere på den tida.»

Don Irving speler gitar på plata. Irving var ei kort stund medlem i The Beau Brummels då han erstatta Ron Elliott, som òg spelte på albumet, men som ikkje kunne turnere så mykje lengre på grunn av problem med diabetes.

Innhald

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Beau Brummels '66» frå , den 22. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff [ Beau Brummels '66] på Allmusic

Kategori:Musikkalbum frå 1966 Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:The Beau Brummels-album